Trådlaust undervisningsnett i lærarutdanninga
Utviklingsprosjektet PLUTO handlar om pedagogisk utvikling og implementering av IKT i lærarutdanninga. Tysdag fekk dei nye studentane ved avdelinga nye berbare PC'ar som kan nyttast i avdelinga sitt trådlause datanettverk.<br>
<br>
PLUTO-prosjektet har fokus på læring og korleis bruk av IKT kan gi nye lærings- og studieformer, og ALU har i det siste brukt store ressursar på å oppgradere IKT-utstyret i avdelinga.
I den første fasen av prosjektet satsar ALU på at alle undervisningsromma ved avdelinga skal få trådlaust nettverk. Alle dei involverte lærarane i PLUTO-prosjektet disponerer eit fleksibelt datautstyr der ein berbar PC med trådlaus oppkoplingsmoglegheit både er arbeidsstasjon på kontoret og saman med prosjektør er presentasjonsverkty i undervisning og rettleiing av studentane.
Som e-læringsverktøy for studentar og lærarar har Høgskulen i Volda teke i bruk ClassFronter som programplattform.
Prosjektleiar Roy-Asle Andreassen og teknisk ansvarleg
Gunnar Karstensen.
No kan altså også studentane ta i bruk ressursar på Internett og Classfronter utan å sitje ved ein PC med fysisk kopling til datanettverket.
Om lag halvparten av dei nye studentane ved lærarutdanninga
har til no nytta seg av tilbodet frå HVO og Bravida om kjøp av
berbar PC.
Meir om Pluto-prosjektet:
http://www.hivolda.no/cgi-bin/arkiv?id=806