U-redaksjonen NRK i samproduksjon med HVO

For tida går det ei rekkje historier i «U» i NRK fjernsynet som er <br>
laga av noverande studentar ved Dokumentarfilm og fjernsynsreportasje.

Kvar mandag på NRK 2, med reprise onsdag på NRK 1, er det to historier der HVO er kredittert saman med U-redaksjonen.

Studentane Thale Persen og Sissel Wik, har følgt tre ungdomar som dreg til Kypros for å går på reiseleiarskule, der draumen er å kunne få jobb etter at kurset er over.

Rita Sarnes og Jan Petter Solberg har filma i minus 45 grader i Kautokeino. Dei har følgt ei ung samisk jente som driv med reinkappkøyring. Målet er å vinne VM i denne mannsdominerte sporten. Korleis dette går får du vite om du slå på NRK 1 onsdagane.

- amf

Del på: