Underskot i studentsamskipnaden
Studentsamskipnaden for Sunnmøre hadde eit samla underskot på 800.000 kroner i fjor. Årsaka er tap på prosjektet «Studenten» i Ålesund.<br>
Men økonomien er solid, for samskipnaden har bankinnskot og fond for 13,7 millionar og eigedomar til ein verdi av 59 millionar kroner.
Studentsamskipnaden, som har hovudkontor i Volda og avdeling i Ålesund, har hatt ei formidabel utvikling sidan starten for 10 år sidan. I 1988 var 1600 studentar knytt til samskipnaden, som hadde ei omsetning på 5,1 millionar kroner. I 1993 hadde studenttalet passert 3000, og samskipnaden var oppe i 16,5 millionar i omsetning. I fjor var studenttalet 3729 med ei omsetning på 27 millionar kroner. Samskipnaden har fram til i fjor lagt fram positive resultat, og i 1995 var overskotet faktisk på nesten 3,8 millionar kroner i pluss. Men i 1997 vart det minus i rekneskapen.
Tapsprosjekt i Ålesund
- Vi har satsa stort på prosjektet «Studenten»i Ålesund, eit kafe- og diskotektilbod spesialtilpassa byen sine studentar. Vi klarte dessverre ikkje å få dette prosjektet til å gå økonomisk, og styret har difor fatta vedtak om å trekkje seg ut. Vi har selt alle aksjane i Studentkroa Ålesund AS, men samstundes inngått leigeavtale med dei nye eigarane, seier samskipnaddirektør Jan Henning Egset.
Studentkroa i Ålesund er bokført med eit tap på 1,3 millionar i rekneskapen. Men det er ingen fare med økonomien i studentsamskipnaden, for dei samla bankinnskota og fondsplasseringane utgjer 13,7 millionar og eigedomane er bokførte til ein verdi av 59 millionar kroner. Dei samla låna er på 26,7 millionar kroner.
Jobbar med studenthus
Samskipnaden har dei siste åra arbeidd mykje med å gje studentane eit betre kulturtilbod.
- Vi har vore tungt med i arbeidet for bygging av nytt studenthus i Volda. Arbeidet er enno på planstadiet, men vi har forprosjektet på plass, seier Egset. Årsaka til den sterke interessa for nytt studenthus i Volda er at den eksisterande kroa er altfor lita.
Vil starte bokhandel
Det er også lagt ned mykje arbeid i planlegging av bokhandeldrift, og samskipnaden har fatta vedtak om å starte bokhandel både i Volda og Ålesund.
- Vi har gjort avtale med Høgskulen i Ålesund om oppstart hausten 1999. Høgskulen i Volda skal ta stilling til spørsmålet om bokhandel til sommaren, seier Egset.
Samskipnaden hadde 60 tilsette i heil- og deltidsstillingar i fjor. Det var vidare engasjert sju psykologar i dei psykologiske rådgjevingstenestene i Volda og Ålesund.
Samskipnaden har studentane ved høgskulane i Volda og Ålesund og Folkeuniversitetet i Møre og Romsdal som medlemmer.
Innverknad på nærmiljøet
Egset meiner utviklinga ved høgskulane i Volda og Ålesund vil ha stor innverknad på nærmiljøet og næringslivet på Sunnmøre.
- Med stagnasjon eller tilbakegang i søkjartalet til høgare utdanning, vil kvaliteten på det totale produktet inkludert velferdstiltak vere avgjerande for om høgskulane skal klare seg i konkurransen etter tusenårsskiftet, seier Egset.
----
Det er Sunnmørsposten som melder dette på sine internettsider i dag.