Ungdom, livssyn og framtid
Seminar i skjeringspunktet ungdomsforskning, livssynsforskning, pedagogikk. Ved HVO 23.- 24. oktober 1997
Formålet
med seminaret Ungdom, livssyn og framtid er å setja søkelys på den livsverd ungdom i dag opplever, kva for spørsmål som reiser seg for dei i samband med dei mange vala som må gjerast, korleis dei vel verdiar og dannar seg livssyn, og kva for holdningar til framtida som gjer seg gjeldande. Eit særleg fokus vert sett på den rolle skulen, ikkje minst gjennom religionsundervisninga, spelar og kan spela i forhold til desse spørsmåla.
Målgruppa er først og fremst fagleg tilsette i kristendomskunnskap, teologi og religionskunnskap ved høgskular og universitet. Personar med bakgrunn i, eller interesse for, forskning i dette skjæringspunktet er særskilt inviterte til å delta, gjerne med presentasjon av eigne prosjekt.
Med dette seminaret markerer instituttet samstundes 10-årsjubileet for kateketutdanninga i Volda. Invitasjonen går difor også til alle kateketar som er uteksaminerte frå høgskulen i denne perioden.
PROGRAM
Torsdag 23. oktober
0915-1100: Open gjesteførelesning.
Paul Otto Brunstad: Populærkulturen som tidas lekpredikant. Om livstolking i film og musikk
1. del: Ungdom og framtid
1200-1215: Introduksjon til seminaret v/Per M. Aadnanes
1215-1400: Paul Otto Brunstad: Ungdom og livstolking. Framtidsforventningar mellom lokal optimisme og global pessimisme.
1415-1530: Kåre Heggen: Ungdomsforskning og framtidsbilete.
1530-1600: Kaffepause
1600-1730: Plenumsdrøfting, evt. presentasjon av aktuelle forskningsprosjekt.
1900- : Sosialt samvær. Markering av 10-årsjubileet for kateketutdanninga ved Høgskulen i Volda.
Fredag 24. oktober
2. del: Ungdom og livssynsdanning.
0915-1030: Peder Gravem: Livstolking hos ungdom i møte med religions-
og livssynsundervisninga i skulen.
1045-1130: Per M. Aadnanes: Livssynsforskning mellom hermeneutikk og
pedagogikk.
1130-1200: Kaffepause
1200-1400: Plenumsdrøfting, evt. presentasjon av aktuelle forskningsprosjekt.
Førelesarane
Paul Otto Brunstad, cand. theol., vit. ass. i religionspedagogikk ved
Norsk Lærerakademi, Bergen.
Peder Gravem, dr. philos., førsteamanuensis i systematisk teologi ved
Menighetsfakultetet, Oslo.
Kåre Heggen, dr. polit., førsteamanuensis og dekanus ved Avdeling for
samfunnsfag, Høgskulen i Volda.
Per M. Aadnanes, dr. philos., førsteamanuensis i kristendomskunnskap ved
Høgskulen i Volda.