Utdanning og yrkesorientering i Møre og Romsdal

Denne veka er det utdanning og yrkesorientering for avgangselevar i den vidaregåande skulen i Møre. Opplegget er organisert av fylket, og Høgskulen i Volda er med saman med fleire andre utdanningsinstitusjonar. Hensikta er å fortelje om studietilboda, moglegheitene og studentlivet.

Denne veka er representantar frå Høgskulen i Volda på utdanning og yrkesorientering i Møre. Det er intensive dagar, der ein får snakke med elevar som skal velge høgare utdanning for første gong. I løpet av veka er vi innom desse skulane: Spjelkavik, Fagerlia, Stranda, Ulsteinvik og Volda. På eige initiativ besøker vi to av folkehøgskulane i distriktet; Møre- og Sunnmøre folkehøgskule.

IMG_4698
Stor interesse for Høgskulen i Volda når vi besøkte Fagerlia videregående skole på tirsdag. Kanskje blir nokre av desse studentar i Volda til hausten?

Nokre av elevane veit alt kva dei skal studere, men slett ikkje alle har bestemt seg eller veit kva dei skal gjere til hausten. Med desse orienteringane vil vi søke å klargjere dei ulike studietilboda, korleis høgare utdanning er lagt opp, kva som er forskjellen med å vere elev og student og kvifor velje Volda som studiestad. Vi oppmodar elevane til å nytte orienteringane til å vere nysgjerrige og komme med spørsmål, og velge noko dei er interessert i eller synes verkar spennande. Det viktigaste er å gjere det lettare for elevane å velge, og vise dei moglegheitene ein har som student ved Høgskulen i Volda.

Neste veke går ferda til Romsdalen, der vi skal besøke desse skulane: Molde, Sunndal, Surnadal, Kristiansund og Rauma. Høgskulen i Volda vil også vere representert på utdanningsmessa i Lillestrøm frå 7-9. februar.

Del på: