Utdanningsmessene
HVO har vore på tre store utdanningsmesser i Bergen, Trondheim og Oslo. I Bergen var godt over 10000 ungdommar innom dørene, og dei fleste som kom til standen vår ville som vanleg vite meir om media.
Over 10000 ungdommar var innom utdanningsmessa
i Bergen
Arrangøren inviterer kvart år skuleungdom frå heile Hordaland, og elevar ved vidaregaånde skular på stadar som Austevoll, Voss og Odda er på messa.
Fleire utanlandske universitet
Utanlandske universitet vert det berre
fleire avpå dei store utdanningsmessene
For dei utandlanske universiteta er det å rekruttere norske studentar god butikk. Eit universitet frå London pakka saman etter to dagar. På spørsmål om kvifor dei reiste, svara dei at dei hadde teke opp tre nye studentar. Det var nok for i år.
Framleis størst interesse for media
Vi viste eit knippe animasjonsfilmar
laga ved HVO
HVO deler stand med Ålesund og Molde på messene i Bergen, Trondheim og Oslo. Tendensen er klar: Det er framleis media og journalistikk som er mest populært. I år var det relativt mange som hadde spørsmål om animasjon. Noko av grunnen kan vere at vi viste animasjonsfilmar på standen vår.
Tonje Tjernet, 1. fjernsyn, på stand
------------------------------------------------------------------------
Standen vår