Utstilling frå Hiroshima opna onsdag

Onsdag 10. september opna utstillinga med bilete frå fredsmuseet i Hiroshima. Sizzle Otaka tok del med song. (bilete) - Det er ei ære for Høgskulen i Volda å vere vertskap for denne utstillinga, seier Thomas Lewe. Han er ansvarleg for utstillinga, som vil vere open for publikum denne veka.

Det vart ei høgtidssam oppleving for dei frammøtte. Prosjektleiar Gunnar Strøm ønskte gjestene frå Japan og publikum velkomne. Den japanske songaren Sizzle Othaka framførte songar frå Hiroshima og Nagasaki.

Del på: