Utvekslingsprosjekt mellom Kenya og Merkesteinane

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Boniface og Alphonce har sjølve spelt fotball i MYSA, og var aktive i kulturavdelinga Haba Na Haba med musikk, dans og drama. Seinare vart dei to av dei mange tusen frivillige medhjelparane i MYSA.Dei to skal vere i Volda fram til september i år, og vil i tillegg til prosjektet tilby kurs i afrikansk dans og swahili her ved høgskulen. Kurs i swahili er særs nyttig og spennande for studentar som skal ha praksisen sin i Afrika.

 

- Ideen bak Merkesteinane er svært god. Heime i Kenya er det ikkje noko strukturert system, som tek seg av menneske som medlemmane i Merkesteinane. Vi har ikkje noko liknande opplegg for utviklingshindra personar , seier Alphonce Isai. - Livet handlar om å gje alle like moglegheiter til å yte ut frå sine evner, seier Boniface Vanja.

Jostein Bjørndal i Merkesteinane og barnevernspedagog Ingrid Bjermeland er i Mathare og jobbar med prosjektet, som skal vare i tre til fem år. Prosjektet har som føremål å bygge eit inntektsbringande musikkstudio som kan medverke til ei berekraftig utvikling, og hjelpe kenyanarane til å etablere ei musikkgruppe ut frå nokre av ideane bak Merkesteinane. Bjørndal har lang røynsle frå utviklingsarbeid i Kenya, og Bjermeland si hovudoppgåve er å kartlegge målgruppa i Mathare-slummen.

 

stort2

 Boniface Vanja frå Kenya saman med Jostein Bjørdal                                (Foto: Dagen)

 

Folkeopplysning og haldningsendring

- I MYSA er det også psykisk utviklingshindra ungdommar, men dei står gjerne å ser på medan andre er i aktivitet. Vi vil peike på at også denne gruppa kan vere med å bidra med noko, seier Bjermeland

Bjermeland ogBjørndal nyttar ein pedagogikk henta frå den tredje verda, Community Based Rehabilitation (CBR). – Læringa og endringa skal skje ikkje berre i forhold til dei funksjonshindra, men i forhold til samfunnet. Det handlar om folkeopplysning og haldningsendring, slik at ein kan invitere dei ungdomane som er litt annleis inn i samfunnet, seier Bjørndal. Bjermeland legg til at MYSA har vakse seg stor og har eit godt rykte i Kenya. – Dersom MYSA etter kvart kan vise at dei har utviklingshindra med, vil det vere ganske revolusjonerande, seier ho.

 

stort1

Barnevernspedagog Ingrid Bjermeland synes

det er svært givande å vere på utveksling i Kenya.

(Foto: Dagen)

Del på