Ved skulestart

Professor Peder Haug, seier i ein kronikk på kommunal-rapport.no i dag, at det er heilt andre bygningar enn skular som i dag viser styrke og som gir heilt andre arbeidsfelt høg status.
- Det er symbolske effektar av forfallet i skulebygningane. Den estetiske kvaliteten av eit hus formidlar kulturen og samfunnet sine prioriteringar. Slott, Stortinget, opera og bankar er døme.

Professor Peder Haug er tilsett ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, der han forskar, underviser og rettleier i spesialpedagogikk.

- Meir enn ein femdel av folket i landet har verksemd direkte knytt til grunnopplæringa, som er den desidert største arbeidsplassen i landet.

Det reflekterer at skule og utdanning er viktig for den einskilde og for fellesskapen. Vi er alle avhengige av at så mange som råd har god utdanning. Skulen er med på å skape den viktigaste ressursen nasjonen skal møte utfordringane i framtida med, kompetanse.

- Dagens tilhøve kan mange stader gje det motsette signalet - forfallet kan tyde at utdanning ikkje er særleg viktig eller at utdanning ikkje er prioritert. Det er ikkje så nøye med. Det er heilt andre bygningar enn skular som i dag viser styrke og som gir heilt andre arbeidsfelt høg status.

Du kan lese heile kronikken på kommunal-rapport.no

 

 

 

Del på: