VEKA 2000

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

I løpet av dei ni dagane VEKA 2000 varer, kan publikum få med seg studentrevy, konsertar, studentbandkveld, foredrag og seminar, Pompel & Pilt, Åsa Rytter Evensen og mange fleire. Kort sagt noko for ein kvar smak.


Veka2000

Optimistisk vekesjef
Vekesjef Andreas Gisvold er svært godt nøgd med programmet.

- Med temaet LYST var det masse vi kunne spele på. Responsen har gjennomgåande vore god, og mine personlege favorittar er Are Kalvø, Midnight Choir og Iver Kleive.

Aktivt studentmiljø
Studentane i Volda er blant dei mest aktive i landet når det gjeld studentpolitikk, frivilleg organisasjonsarbeid og kulturaktivitetar. Dette skaper eit pulserande og kreativt studentfellesskap som toppar seg i VEKA, det største kulturarrangementet i Møre og Romsdal i løpet vinterhalvåret.


Les meir på VEKA 2000 sine eigne nettsider:
http://student.hivolda.no/veka2000/

Del på