Vellukka premiere for Student-TV

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Før jul gjekk nokre journalistikkstudentar ved høgskulen saman om å etablere Student-TV i Volda. Dette er den einaste nynorske student-tv-kanalen i heile landet.

- Eg hadde vore med på å lage student-tv i Bergen tidlegare, og no når eg flytta til Volda for å studere, hadde eg lyst til å starte opp noko liknande her, fortel ansvarleg redaktør Runa Engen, som går første året på journalistikkutdanninga.

4b590d6afa958025a7d115f01c1ef9b789a5fb44

Første sending vel overstått

Redaktør Engen kan melde om hektiske minutt før den første sendinga onsdag.

- Vi trudde vi kom til å bli litt forseinka, men det gjekk bra. Alt i alt er vi godt fornøgd, seier Engen, som kan nemne at dei allereie har fått gratulasjonar av andre student-tv-redaksjonar rundt om i landet.

Studioet studentane bruker er av noko spesiell karakter, da dei har rigga til med sofaer i friluft utanfor Berte Kanutte-huset til høgskulen.

Satsar på underhaldning

"Vaskeekte reality, dokufiksjon, uaktuelle nyhende og misforbrukarstoff" er skildringa studentane sjølv gir av programtilbodet på nettsida si.

- Alle som er med får produsere det dei sjølve vil. Sidan vi journalistikkstudentar jobbar mykje med nyhende i studiet er gøy å få prøve noko anna, noko meir kreativt når vi skal produsere for Student-Tv, forklarar Runa Engen.

Første sending inneheldt mellom anna ein kafé-test, ein reality-serie om "Redaksjon Ytrehorn", ein sjølvprodusert kortfilm og intervju med ein gjest i studio. Redaktøren fortel at både reality-serien, ein kortfilm og ulike testar kjem til å bli faste innslag.

Programleiarar for premieresendinga var Axel Due og Anita York. Kven som skal fylle rolla går på rundgang, slik at alle som vil får prøve seg.

Nett-tv

Nettsida til organisasjonen fungerer som studentanes fjernsynskanal. Her blir sendingane publiserte fortløpande. TV-kanalen har ikkje noko fast sendeskjema, men har som målsetjing å publisere nye sendingar omtrent kvar tredje veke fram til sommaren. 

- Til hausten håpar vi å kunne kome med sendingar om lag ein gong i veka, og kanskje kan det også bli aktuelt å sende via nettet til dei lokale tv-kanalane, ivrar redaktøren.

Alle kan vere med

Så langt består redaksjonane bere av journalistikkstudentar, men alle som vil kan få vere med.

- Vi treng nye medlemmar som kan fylle alle mulige jobbar. Det er mellom anna behov for  klipparar, grafikarar, musikarar og folk med peiling på drama. Men vi skal forsøke å gje alle opplæring, så det er ikkje nødvendig med forkunnskapar, seier redaktøren entusiastisk.

Del på