Vellukka semesteropning

Tekst: Webmaster Volda

Den offisielle opninga for semesterstarten 2003 samla over tusen studentar, tilsette og vitjande i Berte Kanutte-kantina tysdag.

1061362515

Studentane vart møtte av eit samla mottakskorps. I gule skjorter vart nye og gamle studentar losa gjennom ei ny, elektronisk og saumlaus registrering.

Reidunn Aambø leidde opningssermonien, medan rektor Gunnar Stave heldt sin årvisse opningstale, med klar appell til ei nasjonal oppfølging av reformene som dette studieåret opnar med.

Rektor Gunnar Stave held opningstale:
Kjære studentar, gjestar og kollegaer, velkomne til opninga av studieåret 2003-2004!

Aldri før har studiestart ved høgskular og universitet blitt omfatta av så stor interesse som i år. Inntrykket av at høgre utdanning er inne i eit tidsskifte har festa seg, og i den offentlege debatten har høgre utdanning hatt ein meir synleg plass enn på lenge, og det er bra.  Høgre utdanning og forsking er grunnleggande viktig for utviklinga av det moderne samfunnet, men det har ikkje den same statusen i den politiske debatten. Kvalitetsreforma som blir sett ut i livet frå studiestart i år, har skapt eit engasjement både i og utanfor sektoren. Nesten dagleg har vi denne sommaren kunna lese i avisene om konsekvensar, men også om problem i samband med reforma. Ved høgskular og universitet har det blitt jobba intenst fram mot semesteropninga for å legge til rette for ny gradsstruktur, nye studieformer, nye studieplanar og nye studieadministrative system. Kvalitetsreforma har blitt tatt på alvor av institusjonane. Sjølv om reforma har blitt heftig diskutert og på ingen måte berre har blitt møtt med begeistring, har det blitt lagt ned eit enormt arbeid for å gjennomføre den omstillinga som det er lagt opp til.

Omstillinga er så omfattande at den ikkje vil gå smertefritt. Det ser vi av dei første meldingane frå institusjonar som har hatt semesteropning. Kaos på Blindern, var Aftenposten si melding sist måndag. Delvis refererte det til situasjonen i hovudet på særleg dei gamle studentane, som ikkje kjende seg igjen, og delvis viste det til system som braut saman. Studieadministrative system og dei nye utdanningsplanane er basert på elektroniske løysingar, som vi veit kan spele oss puss, men det er begynnarvanskar som vi skal vinne over.

Velkomne til studiestaden Volda
Høgskulen i Volda har tidleg tatt konsekvensen av reforma, og det er gjort eit kjempearbeid både på fagleg og administrativ side for at du som er student skal møte eit tilbod som fungerer, og dermed få ein studiesituasjon som fungerer frå første dag. Men blir det problem skal vi løyse dei. Det er mange som vil hjelpe deg. Sjå etter folk med dei gule t-skjortene der det står: Berre spør! Til nye og gamle studentar vil eg derfor seie velkomne til eit nytt studieår i Volda.

Helsing til utanlandske studentar.
This year we have students from 32 foreign countries. As far as I am informed we have students from:


Argentina
Afghanistan
Azerbadjan
Brasil
Denmark
England
Estland
Ethiopia
Fiji
Germany
Ghana
Ireland
Iran
Island
Kasakstan
Kina
Latvia
Lebanon
Liberia
Lithuania
Mongolia
Nigeria
Pakistan
Philippines
Polen
Romania
Russia
Slovakia
Sweden
Tanzania
Ukraina
USA

 These students have come from very different places and from different backgrounds to Volda to take some kind of education at our College. We want you to know that we appreciate that you are here, and we hope you will discover that Volda is a place where you can be happy and a have good conditions for studying. We welcome all our foreign students and hope you will feel at home here.

Du som er ny student ved Høgskulen i Volda sit sannsynlegvis med mange spørsmål om kva slag studiestad dette er, og korleis det vil bli å leve og studere her dette året. Du skal få nokre oppmuntrande synspunkt på det som kan skape gode vibrasjonar no ved studiestart, subjektive naturlegvis og farga av min posisjon og mine ønske om kva du vil svare når dette året er omme, men også bygt på erfaringskunnskap av ulike slag.

Du kjem til ein studiestad med mange gode kvalitetar. Dette er naturlegvis ei programerklæring når den kjem frå meg. Men den kan kvalifiserast ved å bruke meir uhilda kjelder. Eg møter ofte tidlegare studentar som med stor entusiasme fortel om tida i Volda, og kor godt dei likte seg. Studieåra i Volda skapte ein identifikasjon med høgskulen og studiestaden som dei stadig kjem tilbake til, og som dei snakkar om når eg møter dei att i ulike samanhengar.

Volda har eit studiemiljø blant dei aller beste i landet, slik vurderer studentane det sjølve, skal vi tru resultata frå den årlege studentundersøkinga. For fjerde året på rad blei det i vår offentleggjort ei undersøking av kor tilfredse studentane er med studietilbod og lærestad.  Undersøking blir utført på initiativ av fire av dei største avisene i landet, og blir publisert i eit eige bilag til avisene under tittelen ”Den store studentguiden”. Undersøkinga er ei nasjonal karakterbok for høgre utdanning, står det i bilaget, og det er studentane som er sensorar. Karakterboka blir offentleggjort på den tida ungdom gjer sine studieval for komande studieår. Det kan diskuterast kor påliteleg undersøkinga er, men det er ingen tvil om at institusjonane ser fram mot undersøkinga med spenning, og brukar materialet for det det er verd, og det gjer også eg, no når eg seiar at både vitnemål frå tidlegare studentar og studentundersøkinga viser at du har eit år framfor deg som du bør ha forventningar til. OK, det er ein risiko for at du blir skuffa, men ta den sjansen og kast deg ut i studentlivet med forventning og engasjement. Det vil uansett vere ein god resept for å lukkast, og for at du når dine mål for dette året.

Eg sa i fjor at vi hadde det nest beste opptaket i høgskulen si historie. I år kan vi konstatere at tala er betre. Særleg gledeleg er det at opptaket til lærarutdanninga har auka med 40%, og opptaket til førskulelærarutdanninga har auka med 100%.  Dette er viktige utdanningar som har hatt nedgang i søkjartala dei siste åra. Tala i år tyder på at denne tendensen er broten. Også ei rekke andre studium har gode opptakstal, som viser at dei omleggingane vi har gjort i samband med Kvalitetsreforma har styrka høgskulen sin situasjon i utdanningsmarknaden, og at vi har eit utdanningstilbod som utdanningssøkjande finn interessant. Den store utfordringa i dette studieåret blir å vise at vi vidarefører og utviklar den studiekvaliteten som høgskulen er kjend for, under dei nye rammevilkåra for høgre utdanning som reforma har gitt oss.

Studiekvalitet - ideal og realitet
Det var eit glupt trekk å gi ei reform i høgre utdanning nemninga Kvalitetsreforma. Det gav fokus, retning og ikkje minst legitimitet til reforma. Nemninga er normativ, og har av den grunn også blitt møtt med ironiske kommentarar om at vi ikkje kan vedta eit kvalitetsreform, det er berre i etterkant vi kan sjå om ei reform har ført til kvalitetsheving. Det er det så avgjort noko i. Det er frå semesterstart i år at Kvalitetsreforma vil bli sett på prøve. Det er då det skal provast at den ambisiøse nemninga er dekkande for dei realitetane vi greier å skape under dei nye rammevilkåra. Fallhøgda er stor med tanke på dei ambisjonane som er lagt inn i reforma, og den argumentasjonen som er ført for at dette er ei nødvendig reform som vil heve kvaliteten i høgre utdanning.

Etter tre år med diskusjonar om Kvalitetsreforma, så har kvalitetsretorikken etter kvart blitt noko sliten, ja kanskje bort i mot provoserande for tilsette i sektoren. Dei har lojalt følgt opp intensjonane i reforma, men ser at det i det daglege arbeidet er vanskeleg å strekke til, når ein både skal bli betre og meir nærverande i forhold til studentane, og samtidig heve både kvantiteten og kvaliteten i forskinga.

For nokre år sidan var det eit program i radioen som hadde eit fast innslag frå noko som blei kalla for Institutt for begrepstømming. Instituttets oppgåve var å vurdere einskildomgrep som hadde mist si meining i den offentlege debatten. Eg ser ikkje bort frå at det kan vere dei som ville ha nominert kvalitetsomgrepet til instituttets kritiske gransking, for å vurdere om det framleis er gagnbart eller burde kasserast. Svaret vil heilt sikkert vere avhengig av om det blir ein truverdig samanheng mellom ambisjonar og resursar til å realisere ambisjonane.

Høgskular og universitet har vore opptatt av at denne reforma vil koste. Universitets- og høgskulerådet har overfor Stortinget og departementet gitt klart uttrykk for at årets budsjett gir grunnlag for å sette i gang reforma, men at den ikkje er fullfinansiert. Det har vore stor gard av politiske semje mellom partia på Stortinget, om at denne reforma er ei nødvendig investering for å sikre Noreg ei framtid som kunnskapsnasjon og velferdssamfunn. Vi forventar derfor at neste års budsjett vil vise at det er vilje til å følgje opp reforma med løyvingar som er nødvendige. Målet om at kvaliteten skal styrkast i høgre utdanning kan vi berre nå om vi får vilkår som gjer det mogleg å realisere dei måla som reforma legg opp til. Under den opne høyringa i Stortinget sa Universitets- og høgskulerådet at dersom reforma ikkje blir fullfinansiert, kan resultatet bli kvaliteten blir senka og ikkje heva i  høgre utdaning.

Det uferdige
I diskusjonen om kvalitetsutvikling har det vore lagt stor vekt på å sikre at utdanningstilboda er planlagde ned til minste detalj, og at institusjonane har eit omfattande kvalitetssikringssystem. Studentane er kundar som har krav på ei vare som står for ein kvalitetstest. Eg er kritisk til ein slik forståingsmåte, og vil som ein kontrast mine om verdien av det uferdige, slik Tommas Mathiesen formulerte det på 70-talet. Læringsutbytet av å vere i eit prosjekt som er undervegs og som må skapast, og der studenten er ein medarbeidar, kan kome heilt i bakgrunnen i eit system som utviklar kriterium som krev det heilt ferdige. Faren er at institusjonane søkjer det trygge og ferdige for ikkje å få riper i lakken, og ikkje torer å gi seg i kast med dristige prosjekt med risiko for å mislukkast. Ei slik risikovegrande haldning er vi ikkje tent med, derfor må det vere rom for det uferdige. Derfor er det viktig å understreke at vi no ikkje presenterer eit ferdig opplegg der vi ser på studentane som kundar som skal få ei tilfredstillande produkt. Eit vesentleg element i Kvalitetsreforma er at studentane skal vere medarbeidarar og ta ansvar for både si eiga læring og utvikling av studia. Det er ei målsetting med reforma at dialogen mellom studentar og institusjon skal bli tettare, og at studenten på ulike måtar skal få ei tettare oppfølging.

Nytte eller danning
Kvalitetsreforma har blitt kritisert for at danningsperspektivet har blitt underordna eit nytteperspektiv som innordnar høgre utdanning i ei marknadstenking som først og fremst er opptatt av utdanning som virkemiddel for økonomisk vekst. Danning og nytte er overskrift over ein stor diskusjon i høgre utdanning gjennom alle tider. Høgre utdanning har blitt møtt med forventningar om både å vere nyttig for samfunnet og å vere frikopla frå nytteomsyn. Ideelt sett har altså utdanning to sider. Den skal gi samfunnet nødvendig arbeidskraft og kompetanse, og gi den einskilde høve til å utvikle seg som tenkande og skapande menneske.

Eg har forståing for denne kritikken, men etter mi meining er det feil å seie at Kvalitetsreforma er blind for dette perspektivet. I st.m. 27 blir det understreka at: ”Oppgaven er ikke bare å utdanne dyktige kandidater, men å bidra i dannelsen av engasjerte, ansvarlige og deltakende samfunnsborgere” (s.10).

Fleire av elementa i reforma, som meir studentaktive læringsformer, nye evalueringsmåtar og meir rådgjeving og rettleiing, kan  styrke desse sidene ved høgre utdanning, og bidra til at høgskulane vil vere ein attraktiv plass for studentane, ikkje berre ut frå eit marknadsperspektiv, men også ut frå eit danningsperspektiv. Og dette er fundamentalt både for høgskular og universitet.

I diskusjonen om målstyring, marknadsretting og konkurranse, må vi ikkje tape av syne at høgre utdanning handlar om at vi år etter år tar imot nye kull av studentar, som brukar eit og fleire av dei viktigaste åra i sitt liv på å ta utdanning ved vår høgskule – år som får konsekvensar for livet. I arbeidet med å endre organisering og innhald i utdanningane må vi halde fast på at utdanning ikkje er ei vare, men ein prosess som skjer gjennom refleksjon og dialog mellom likeverdige menneske. Dette er ein utviklingsprosess som ikkje går i same takt for alle. Derfor har vi som ei påminning og åtvaring henta fram Ivar Aasens gamle visdomsord som seier:

”Dei vil alltid klaga og kyta ….”


Lukke til med eit utfordrande og viktig studieår!

Del på