Vil ha politiutdanning i Volda
Regjeringa vil i løpet av hausten ta stilling til kvar ein ny politihøgskule skal ligge.
- Høgskulen i Volda har kompetanse til å dekke dei fleste faga i den tre-årige politiutdanninga, seier rektor Jørgen Amdam. Rektoren vil gjerne delta i ein dialog med Justisdepartementet om etablering av ei politiutdanning i Volda.
- Vi har sett nærare på studieplanane for den tre-årige bachelorutdanninga til Politihøgskulen, og vår vurdering er at vi har fagleg kompetanse på høgt nivå som kan dekke dei fleste faga utanom dei reint politifaglege. Ved tilstrekkeleg tilførsel av ressursar skal vi frigjere denne kompetansen til innsats i politiutdanninga, seier rektor Amdam.
Rektoren peikar på at Høgskulen i Volda har fagfolk til dels på professornivå som er spesialistar innan sosiologi, psykologi, yrkesetikk, vitskapsteori og forskingsmetode, juridiske metodar, ulike juridiske element, kommunikasjon og konflikthandtering og i fysisk trening.
- Høgskulen har også få vanskar med å tilby relevant fagkunnskap innan engelsk, kriminalkunnskap, psykologi, idrett, kriminalitetsførebygging og truleg også juridiske fag. Innan dei politifaglege felta har vi spesialkompetanse som dekkjer til dømes yrkesetikk, førebyggande arbeid, fleirkulturelle utfordringar, miljøkriminalitet m.m. Vi vil også legge til at vi kan utvikle fordjupingsemne knytt til krisehandtering, redningsoperasjonar og liknande på grunn av spesialkompetansen vi har innan media og friluftsliv, seier Amdam.
Høgskulen i Volda har også omfattande erfaring med organisering av praksis knytt til ulike yrkesutdanningar som lærarutdanning, sosialfag og media.
- Samla sett er vår vurdering at ingen annan høgskule på Vestlandet kan tilby eit så komplett og relevant fagmiljø i høve til kunnskapsbehova i politiutdanninga. Volda har gode kommunikasjonar til Oslo, ein god hybelsituasjon, eit svært velfungerande studie- og studentmiljø og eit oversiktleg samfunn med mange fritidstilbod innan friluftsliv, kulturaktivitetar med meir, avsluttar rektor Amdam.