Vil utdanne eigne ungdomsskulelærarar
Pedagogikkprofessor Peder Haug ved Høgskulen i Volda meiner at allmennlærarutdanninga bør delast, slik at det vert utdanna eigne lærarar for dei eldste og yngste elevane.
Peder Haug meiner at lærarutdanninga står framfor store endringar, og han er ein av dei som vil vere med å skape desse endringane. Lærarutdanninga, som vart lagt om for tre år sidan, har fått mykje kritikk. Professor Haug skal vere med å evaluere utdanninga slik den er i dag og resultatet skal leggjast fram i ei ny stortingsmelding om eit år.
- Oppbygginga av lærarstudiet i dag er slik at mange av dei tyngste faga kjem i fyrste semester av lærarutdanninga, seier Peder Haug. Dette og at det er mykje styring av utdanninga ,gjer sitt til at studentane ikkje får velje så mange fag ut i frå eigne ynskjer og interesser. Dessutan har vi spørsmålet om kor stor grad av spesialisering vi skal ha. Spesialisering vil presse seg fram i åra som kjem, meiner Peder Haug, og spesialiseringa kan verte retta mot fag, mot aldersgrupper eller mot storleiken på skulane. Dette vil verte eit klart brot med tradisjonen i den norske grunnskulen.
Ulik kompetanse, innsikt og interesse
Professor Peder Haug er klar over at ei ny omlegging av skuleverket vil møte motstand. Mange vil sikkert vil ha innvendingar, og spesielt i dei små skulane vil ei spesialisering verte vanskeleg å gjennomføre i og med at der er få lærarar.
- Kanskje løysinga ligg i å til dømes lage eigne utdanningar for dei? seier Peder Haug. Vi må erkjenne at det er stor skilnad på å skulle undervise 6 og 16 åringar. Allmennlærarutdanninga har stort sett ikkje noko skilje for desse aldersgruppene. Difor bør tanken om spesialiserte lærarar, spesielt på ungdomsskulesteget, vere eit steg i riktig retning, meiner Peder Haug. At vi i grunnskulen får mange lærarar med ulik kompetanse, innsikt og interesser, trur eg vil verte ein styrke både for den einskilde elev og den norske grunnskulen.
Les meir i Sunnmørsposten:
http://www.smp.no/arkiv/artikkel.asp?id=28142&ka=2