Vitjing frå Sogndal vidaregåande skule

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

- Er det vanskeleg å kome inn her? Var eit av spørsmåla Eivind Rønnestad, amanuensis i fjernsynsproduksjon, fekk under orienteringa.
Elevane såg den nye HVO-videoen, og fekk eit lite innblikk i livet ved høgskulen.
- Det er litt vanskeleg å førestille seg korleis eit studentliv er, kommenterte ein av elevane. Eg trur studentar har eit veldig fint liv – dei slepp å ha så mange timar. Dessutan kan dei jobbe for seg sjølv. Og så får dei vere med på å lage skikkelege TV-sendingar, kommenterte elevane medan augene flakka nyfikne over redigeringsmaskiner, kamera, deadlineklokker som tikka og ekte studentar i arbeid.

sogndal2
Elevane frå Sogndal såg ikkje vekk frå at dei kunne ha ei framtid i Volda.

Dagen i Volda nærma seg slutten då Nærsynet gjekk på lufta presis klokka 15.30. Studentar frå Mediefag talde ned: 5, 4, 3, hysj, hysj – og så var det heile i gong. Det skein i auga til dei spente vitjarane. Dei var imponerte. Enten det, eller så hadde det berre vore ein lang dag. Dei takka i alle høve for seg – og pakke seg inn att for å ta fatt på heimvegen. Ein litt anna skuledag for sogningane denne dagen.

sogndalvgskule
Elevane frå Sogndal saman med amanuensis Eivind Rønnestad i redigeringsromet.

Sjå etter Mediefag på veven: http://www.hivolda.no/amf/

Del på