Volda studentteater set opp Musefellen

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

- Volda studentteater blei starta no i haust, og har pr. dato åtte skodespelarar og to på PR., seier Kenneth Westby som går 1. året på allmennlærarutdanninga.

muesf

Det vert førehandsal av billettar tordag 26. november mellom kl. 13.00 og 15.00 i gangen i Berte Kanutte-huset.

Bill. premiere 30/11: kr. 100,- inkl. servering. Studentbandet Bitter og DJ Gemsbok.
Bill. dei andre førestillingane: kr. 60,-

Volda studentteater
vart skipa i oktober 1998 i samband med oppsetjinga av "Musefellen" av Agatha Christie. Målsetjinga er å skape eit teatertilbod med tilknytning til Høgskulen i Volda, som kan byggje ei bru til lokale teaterentusiastar. Vi satsar på å ha minst ei oppsetjing kvart semester, såleis vonar vi å skape eit variert teatertilbod.

Volda har ikkje hatt eit teatertilbod tidlegare, med unntak av revyen under Veka. Studentteateret skal vere ein paraplyorganisasjon for teater/musikalproduksjonar. Musefellen og seinare produksjonar er sjølvstendige prosjekt med eigne produsentar.

Dersom du har lyst til å sette opp eit stykke, eller er interessert i teater, kan du kontakte oss!

Håvard og Audhild

Leiar H. Thorsby
Heltne E-104, 6100 Volda
Tlf: 70 07 57 04
thorsha@student.hivolda.no


Kasserar A.G.Rotevatn
Vikebygda, 6100 Volda
Tlf: 90 84 39 77
rotevau@student.hivolda.no



SJÅ OGSÅ:
http://www.student.hivolda.no/studentteater/index.htm

Del på