Volda – Ungarn neste!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Frå Volda deltok Erling Sivertsen, Kjell Holby og Cecilie Wilhelmsen.

Vi hadde med oss ein flott Volda-stand, store mengder Volda-brosjyrar og ein intensjon om å knyte kontakt med minst to institusjonar. Resultatet så langt, er avtaler om samarbeid med fire universitet.

Fleire er  interesserte, og Volda synest å kunne bli ein populær stad for ungarske studentar og akademikarar. For Volda-studentar bør også Ungarn framstå som eit attraktivt studieland, med varierte studietilbod i historiske og kulturelle omgjevnadar. Det er relativt billig å bu og studere i Ungarn, det ungarske kjøkken har godt renomme, og folk er åpne og lette å kome i kontakt med.

1052728657
Universitetet i Kaposvar

Frå komande studieår kan Volda –studentane førebels velje mellom desse institusjonane i Ungarn:


Byen Kaposvar har i underkant av 70.000 innbyggjarar. Universitetet har om  lag 3.350 studentar.

1052728777
Frå universitetet i Szeged

Universitetet i Szeged har ca. 27.500 studentar, og er i storleik om lag som Pecs universitetet. Universitetet har m.a. den eldste lærarutdanninga i Ungarn.

Byen Pecs er den femte største byen i Ungarn med en folkesetnad på rundt 140.000. Den ligg nær grensa til Croatia og har eit mildt klima. Universitetet har mellom 28 – 29.000 studentar.

Kodolanyi Janos høgskulen ligg i Fejer-regionen som er ein av dei mest industrialiserte regionane i Ungarn. Høgskulen har i overkant av 8.000 studentar.

Cecilie Wilhelmsen

Internasjonal koordinator ved Høgskulen i Volda

Del på