Voldamasterar markerer seg på seminar i Volda
Tre av dei uteksaminerte kandidatane frå mastergradsstudiet i samfunnsplanlegging i vår legg fram paper basert på masteroppgåvene sine på ”The Sixteenth International Seminar on Marginal Regions” i Volda resten av denne veka.
Torsdag ettermiddag legg Cecile Wilhelmsen fram paperet ”The role of young lone mothers in small communities, acceptance or stigmatization ,” medan Geir Liavåg Strand presenterer paperet ”Second hand books and rural development. The Norwegian book town, Fjærland.
Fredag ettermiddag er det Kolbein Halkjelsvik sin tur med ”Fire in Road Tunnels. The Firefighter as a Street Level Bureaucrat.
Detaljert program for resten av seminaret finnast på http://www.hivolda.no/asf/ismr/Newprogram.htm