Voldastudentane kan velje mellom nesten 100 emne

- Før 4. mai skal bachelor- og masterstudentane i Volda setje opp utdanningsplanen for hausten. Sjølv om det er forkrav på ein del emne, har mange studentar har nærare 100 emne å velje mellom. Det fleste bachelorgradene har ein valfri del på 30 studiepoeng der dei kan velje emne som normalt ikkje tilhøyrer programmet dei går på.

- Dette gjer at til dømes ein journaliststudent kan velje drama eller kunst og handverk, seier Oddvar Aalde i Studieadministrasjonen ved høgskulen.
- Bachelorgradsstudentar på sosionom, barnevern og førskulelærar er unnateke ordninga, då desse allereie har eit fastlagt utdanningsløp, men elles gjeld dette for alle bachelor- og mastergradsstudentar.

Ny versjon av Studentweb
- Det som er nytt for studentane no er at dei skal bruke ein ny versjon av Studentweb.
- Studentweb er eit nettverkty som er likt for fleire utdanningsinstitusjonar i Noreg, og vert mellom anna brukt til å søkje undervisingsopptak, gjere ordinær registrering og godkjenning av utdanningsplan, sjekke svar på undervisingsopptaket for emne med stor søking og å oppdatere semesteradressa for den enkelte student.

- Tidlegare har studentane fødselsnummer og ei pinkode til Studentweb, men no kan ein også nytte brukarnamnet og passordet som studentane har til andre IT-system, fortel Aalde.

- Studentane vil også oppleve noko endra nettsider i Studentweb.
- Nettsidene er forklarte med hjelpetekstar undervegs. Desse er merka med snakkeboble med eit spørsmålsteikn i. hjelp

bullet_2Gå til sidene for Undervisingsopptak og semesterregistrering

Om studentar har spørsmål eller behov for hjelp kan dei kontakte Sørvistorget i 1. etg. i Berte Kanutte-huset - det er ope kvardagar mellom 09.00-15.00, eller eventuelt på telefon 70 07 50 18. [sorvistorget@hivolda.no]

bullet_2 Gå direkte til studentweb




Del på: