Voldastudentar på verdskongress

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Den fyrste verdskonferansen for drama/teater vart arrangert i 1991, og har sidan gått av stabelen kvart tredje år. I år deltok 50 ulike land med tilsaman 1000 deltakarar.

Studentar frå dramalinja ved HVO presenterte tre dramastykke på studentteaterfestivalen som vart arrangert på verdskongressen. Kring 25 voldastudentar deltok på festivalen og 19 av desse var engasjerte i dei tre skodespela. Sigrun Meisingset var instruktør for to av teaterstykka, og Marit Ulvund instruktør for eitt. Dei er tilsette som høgskulelektorar i drama ved HVO.

Dei tre teaterstykka som vart framførde var " Medea med variasjoner ", " Drøm ditt valg - velg din drøm " og " Silken og buret ". Det sistnemde stykket hentar handlinga si frå tre drama av Henrik Ibsen: " Et dukkehjem ", "Gjengangere " og " Fruen fra havet ".

Marit Ulvund hadde også oppdrag for hovudfestivalen som leiar av ei gruppe som arbeidde med forteljarkunst for born.

Del på