Vurdering for læring

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Deltakarane fekk ei innhaldsrik førelesingsrekkje som tok opp og problematiserte mange sider av vurdering i skulen.

I mandatet til Nynorsksenteret heiter det mellom anna at ”Senteret skal ha som hovudoppgåve å leie og koordinere arbeidet med å utvikle nynorsk i opplæringa, arbeidsmåtar og vurderingsformer.”

Årets konferanse hadde innleiarar som kunne setje lys på vurdering i norskfaget frå ulike perspektiv. Laila Aase, amanuensis ved Universitetet i Bergen, leiar av læreplangruppa i norsk i LK06 og medlem av arbeidsgruppa for Framtidas norskfag, er ein av dei fagpersonane som har best oversikt over norskfaget i Kunnskapsløftet. Ho tok for seg ”Vurdering som fremjar skriving av gode tekstar”.

Ove Eide, som underviser i norsk og mediefag ved Firda vidaregåande, har også brei læreplankompetanse frå arbeidsgruppa for LK06 og som sekretær for Framtidas norskfag. Med utgangspunkt i ein elevprodusert film problematiserte han  temaet ”Vurdering i norskfaget: Minstekrav og nye kompetansemål”.

Synnøve Skjong har hatt ansvar for fleire forskings- og utviklingsprosjekt ved  Høgskulen i Oslo der målet har vore å auke nynorskkompetansen til studentane. Ho heldt føredraget ”Å tvinge tanken til konsekvens – nynorskopplæring og skrivemapper”, basert på resultat frå eiga forsking på nynorskopplæring ved lærarutdanninga.

Nynorsksenteret har FoU-prosjekt ved skular over heile landet. Ein av desse skulane er Halbrend skule i Førde. På Nynorskkonferansen 2009 viste lærarane Anita Krakhellen og Turid Hatlem  på ein eksemplarisk måte korleis dei ved å samkøyre prosjekta ”Ei allsidig lesing” og ”Betre vurderingspraksis” greier å få til heilskap i arbeidet med å vurdere kompetanse. Deltakarane fekk også sjå ei flott framsyning av 10.klassingane, som eit synleg bevis på at satsing på vurdering for læring gjennomsyrar elevane sin kompetanse på alle fagområde.

God praksis er viktig å få vise fram der lærarar er samla til konferanse. Frå Volda ungdomsskule kom Anne Marie Holstad for å dele erfaringar om arbeidet med skrivemapper i norsk på ungdomssteget.

Føredraget til Marit Wadsten frå vurderingsgruppa ved Høgskulen i Volda, som skulle handle om vurdering av munnleg norsk, måtte dessverre gå ut av programmet på grunn av sjukdomsfråfall.

Tekst: Ingrid Slettevoll

Del på