Disputas:<br />Fanst det eit norsk språk før 1850?

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Historia om det norske språket har lenge vore prega av det språklege fellesskapet med Danmark i unionstida. Først med arbeida til Ivar Aasen og Knud Knudsen kring 1850 har det vore vanleg å rekne med at medvite om eit eige norsk språk var aukande. Hyvik si avhandling ser på førestellingar om eit norsk språk i hundreåret før 1850. Han meiner ein finn førestellingar om eit norsk folkespråk i talemålet og dialektane i Noreg gjennom heile perioden, og at arbeida til Aasen og Knudsen må sjåast i lys av dette.

Avhandlinga tar utgangspunkt i at det i perioden skjer ein overgang frå ei før-nasjonalistisk til ei nasjonalistisk oppfatning av folkespråket. Medan den før-nasjonalistiske oppfatninga var prega av generell interesse for og bruk av språket, vitskapeleg utforsking og ei pragmatisk haldning til språket, var den nasjonalistiske oppfatninga prega av ideologisering, språkstandardisering som ledd i nasjonsbygginga og folkespråkets krav på lojalitet til folkespråket. På grunnlag av norske og danske kjelder meiner Hyvik at ein kan spore ein slik overgang i forståingshorisont.

Statsomveltinga i 1814 fekk store følgjer for synet på språket i Noreg. Medan intellektuelle før 1814 måtte ta omsyn til den dansknorske statens perspektiv og rammer også med omsyn til språket, medførte hendingane dette året at ein no stod mykje friare. Før 1814 hadde førestellingane om eit norsk folkespråk i hovudsak vore prega av eit heilstatsperspektiv, som til dømes at element frå det norske folkespråket kunne bli tatt opp i det felles skriftspråket. Etter 1814 fekk norske, nasjonale førestellingar med omsyn til folkespråket større spelerom, og ein tankegang om separasjon mellom norsk og dansk skriftspråk vann gradvis fram.

Avhandlinga er skriven innanfor prosjektet ”Det opne språket” ved Ivar Aasen-instituttet, Høgskulen i Volda.

Dei ordinære opponentane er:
Lektor Michael Brengsbo, Syddansk Universitet (førsteopponent)
Professor Ola Svein Stugu, NTNU (andreopponent)

Tredje medlem av komiteen er Førsteamanuensis Odd Arvid Storsveen, Universitetet i Oslo

Disputasen blir leidd av professor Finn Erhard Johannessen, Universitetet i Oslo.

Del på