Festskrift i høve Jan Inge Sørbø sin 50-årsdag

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Mellom sann skrift og mystisk røynd er skriven av kollegaer som alle har ein personleg og fagleg relasjon til jubilanten. Her finn vi tekstar om vitskapsteoretiske grunnproblem, reiseessay, artiklar om Paal-Helge Haugens lyrikk, resepsjonen av Jan Austin i nordiske litteraturhistorier, den tvitydige nynorske identiteten, litteratur og tabu, trivialjournalistikk, dyrespor i teologien, og bibelspor i vårt daglege snakk. Berte Kanutte Aarflot får òg si hylling – i diktform, og om du trudde at menneske er det einaste talande dyret, blir det motsagt her.

Festskriftet er redigert av dosent Rakel Christina Granaas, førsteamanuensis Geir Hjorthol og førstelektor Nora Simonhjell.

sorbo_skrift_520

Jubilanten Sørbø etter overraskinga frå kollegaene, f.v.: Nora Simonhjell, Geir Hjorthol, Sørbø sjølv og Rakel Christina Granaas.

sorbo_skrift_kake_520

Del på