Ivar Aasen-instituttet feirar kvinnedagen igjen
- Ivar Aasen-instituttet har hatt som vane å feire Kvinnedagen. I år markerer ein også at det er hundre år sidan unionsoppløysinga, og spør: Kva hadde svensk kvinnerørsle å seie for at unionsoppløysinga vart fredeleg? Den som skal svare på dette spørsmålet er den framståande svenske litteratur- og kvinneforskaren Helena Forsås-Scott.
- Helena Forsås-Scott held til vanleg til i London. Forsås-Scott er mellom anna kjend for sitt arbeid med økofeministen Elin Wägner. Ho er medredaktør av det store Routledge Encyclopædia of Contemporary Scandinavian Culture som vil liggje ferdig i 2007, fortel Roger Ole Rangsæther ved Ivar Aasen-instituttet.
Sjå programmet til kvinnedagen