Kvinnedagen: Marie Takvam - bortanfor biografien

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Marie Takvam er ei av dei viktigaste kvinnene i norsk lyrikk etter krigen, melder Ivar Aasen-instituttet, som står bak arrangementet 8. mars.

- Ja, Takvam framstår som ei av dei viktigaste stemmene i etterkrigslyrikken i det heile. Tekstane hennar er ofte blitt lesne svært biografisk, som rapportar frå eige liv, legg professor Jan Inge Sørbø til.

- Nettopp på kvinnedagen kan det vera verd å reflektera litt over det. Det er jo ikkje første gong ei kvinne er lesen biografisk, medan menn blir lesne allmenn-menneskeleg, som det ofte heiter.

Program:

  • Jan Inge Sørbø ved Ivar Aasen-instituttet vil førelesa om dette temaet.
  • Gunhild Hovden Kvangarsnes, skodespelar med røynsle frå ei førestilling om Marie Takvam, og student ved Aasen-instituttet, vil lesa dikt av Takvam.
  • Siv Aurdal, songar og musikk-student, vil syngja Bellmann.

    Arrangementet er gratis.

Stad: Vesle Auditorium, Berte Kanutte-huset
Tid: 8.3. kl. 12.00  (NB: Ikkje 12.15)

Del på