Søkestart 1. februar!

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Nær ti tusen utdanningssøkjande ungdom frå Namsos i nord til Oppdal i sør vil vere innom Utdanningsmessa i Trondheim Spektrum denne veka.  – Kortstokkar  med 52 gode grunnar for å søkje Volda er svært populære, seier høgskuleambassadør Veronika Svartvatn som minner om at søkinga til Samordna opptak opnar 1. februar.

Høgskulen i Volda sin stand er godt plassert i eit område med store utdanningsinstitusjonar som Universitetet i Oslo, NTNU og Nord Universitet. Standen kommuniserer medieutdanning, ei lang liste andre studietilbod og ei studiebygd i praktfulle omgjevnader.

SJÅ 52 GODE GRUNNAR TIL Å VELJE VOLDA. DU KAN SØKE STUDIEPLASS FRÅ 1. FEBRUAR!

Studentambassadørane Veronika Svartvatn (PR, kommunikasjon og media), Synnøve Olsen Tangen (grunnskulelærar)  og Ingrid Vee Hagestuen (grunnskulelærar) er vertskap på standen.

Studentambassadørane Veronika Svartvatn (PR, kommunikasjon og media), Synnøve Olsen Tangen (grunnskulelærar)  og Ingrid Vee Hagestuen (grunnskulelærar).

Journalistikk

Mathilde Sand Thevik og Kristi Nyhaug er elevar ved KVT vidaregåande skule i Trondheim. For desse er det ei journalistutdanning i Volda som fristar.

Mathilde Sand Thevik og Kristi Nyhaug er elevar ved KVT vidaregåande skule i Trondheim

– Eg har alltid vore oppteken politikk og er glad i å lese og halde meg orientert. Ei journalistutdanning er absolutt aktuelt. Eg kjenner fleire som har gått i Volda, og dei har mykje positivt å seie om studiestaden, seier Mathilde.– Eg begynte litt tilfeldig å skrive for skoleavisa og fekk interesse for journalistikk på den måten, seier Kristi.

Kortstokk og ein dose magi

Høgskulen i Volda har ikkje lenger ein studiekatalog på papir. No er det Ipad og studiekatalog på nett som gjeld. På standen deler ambassadørane ut ymse smågodt, kule solbriller, magasinet Meir og ein kortstokk med 52 gode grunnar til å studere i Volda.

Og apropos kortstokken so har høgskulen leigd inn ein magikar for å gjere ymse korttriks med han. Allan Hagen viser seg å vere ein publikumsmagnet og får fleire grupper av besøkjande til å måpe og riste på hovudet i forundring over kva han kan gjere med fingerferdigheit, psykologi og snedig historieforteljing.

Allan Hagen (til høgre) imponerte med korttriksa sine.

Impulsar

Ei utdanningsmesse er eit fint høve for utdanningsinstitusjonane å kommunisere med eit stort tal potensielle søkjarar på kort tid. For ungdomen er messene eit arena for nye og spennande impulsar og ny kunnskap om utdanningsinstitusjonar i inn–  og utland.

Aslak Sund frå Fosen vidaregåande skule er mest interessert i elektronikk og data, men han er framleis nysgjerrig på andre utdanningsvegar.

– Messa gir meg eit betre bilete av breidda av utdanningstilbod og muligheiter. Det synes eg er bra, seier han.

Aslak Sund.

Karianne Sato og Signe Sande kjem heilt frå Oppdal for å ta del på utdanningsmessa i Trondheim. Begge spør ambassadørane frå Volda om lærarutdanninga og journalistutdanninga.

Signe og Karianne er elevar ved Oppdal videregående skole.

– Utdanningsmessa er viktig for å få eit bilete av kva som finns. Vi har sett mykje og fått mange nye impulsar , seier dei.

Nokre glimt frå messa

Del på