Karrieredagane 2021

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Karrieredagane 2021, eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Høgskulen i Volda, skal gi elevar på 10. trinn i grunnskulen informasjon om regionalt næringsliv og utdanning i eigen region. – Vi ventar om lag 800 elevar frå heile Søre Sunnmøre til Ørstahallen i løpet av desse to dagane, seier koordinator Torill Engeset ved Høgskulen i Volda.

Ei rekkje verksemder og vidaregåande skular samt høgskulene i Volda og Molde har stand på messeområdet for å gje elevane gode råd på vegen inn mot vidaregåande skule, høgre utdanning, jobb  og arbeidsliv. Karrieredagane går inn som er ein del av faget «Utdanningsval» i grunnskulen.

Utdanningsprogram i vidaregåande skule

Dei vidaregåande skulane i regionen presenterer heile 15 utdanningsprogram og ulike yrkesvegar desse kan gi: medium og kommunikasjon, musikk, dans og drama, studiespesialisering, bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign, handverk, design og produktutvikling, helse- og oppvekstfag, informasjonsteknologi og medieproduksjon, naturbruk, restaurant- og matfag, sal, service og reiseliv og teknologi- og industrifag.

– Karrieredagane 2020 vart gjennomført digitalt. I år har vi flytta arrangementet frå Høgskulen i Volda og Voldahallen då der det er større plass med omsyn til smittevern, seier koordinator Engeset.

Lærar

Johannes Aksnes frå Dalsfjord skule i Volda kommune er ein  driftig kar som i tillegg til skulegang er fiskar med eigen båt og kvote. Johannes tar også eit tak heime på garden når det trengst.

– Eg kan tenke meg å bli lærar, kanskje innanfor idrettsfag. Eg er også interessert i historie og musikk, seier han mens han studerer studietilboda ved Høgskulen i Volda.

Johannes Aksnes
– Eg kan tenke meg å bli lærar, seier Johannes Aksnes frå Dalsfjord. Han vonar han kan kombinere læraryrket med gardsdrift.

Kaptein på eiga skute

Ved Herøy vidaregåande skule sin stand for maritime fag finn vi tre staute ungdomar som ser for seg ei karriere på sjøen. Sondre Håheim Garvik og Noelle Lillerovde vil etter to år på Herøy vidaregåande skule søke om å få lærlingplass på ein båt i Kystvakta.

– Det er nemleg mogeleg å kombinere førstegongstenesta med lærlingpraksis, forklarar dei.

Thomas Våge Myklebust fortel at han gjerne vil bli skipper på ein brønnbåt, ein båt som blir brukt i havbruksnæringa.

Sondre Håheim Garvik, Noelle Lillerovde og Thomas Våge Myklebust.

Ein tiandeklassing prøver ein gravemaskinsimulator.

Vil helst bli fotballproff

Jan Andre Corpuz, Andreas Sæter og Magnus Bowcott kjem frå Ulstein ungdomsskule. Dei tre muntre karane frå Ulsteinvik fortel at dei ikkje har konkrete planar for utdanning og karriere enno.

– Vi likar fotball og kan godt tenke oss å bli profesjonelle fotballspelarar,  seier Jon Andre som legg til at om draumen om ei fotballkarriere skulle gå i vasken so er psykologistudiar eit alternativ.

Fotballspelarar
Jan Andre Corpuz, Andreas Sæter og Magnus Bowcott.

Glimt frå Karrieredagane 2021

Del på