Nasjonalt senter for nynorsk i skulen vert lagt til Høgskulen i Volda

Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda vert det nye nasjonale senteret for nynorsk i skulen. I samarbeid med Nordisk institutt og lærarutdanninga vil fagmiljøa ved Høgskulen i Volda no spele ei sterk rolle i forsking og utvikling av sidemålsundervisninga.

- Det er ei glede for høgskulemiljøet at Volda no er vald til å føre an forskinga for betre sidemålsopplæring i skulen, kommenter Jan Inge Sørbø. Den nasjonale senter-funksjonen kunne like gjerne hamna hjå andre institusjonar i landet.
I eit oppslag i Sunnmørsposten laurdag kommenterer også studiesjef Gonnie Smit Løseth dei gledelege nyhenda, og kan ikkje legge skjul på at utdanningsminister Kritin Clemet sitt dystre forslag om å kutte sidemålseksamen ikkje greier å dempe gladmeldinga om senteret for nynorsk i Volda.

Del på: