Ny bok frå professor Sørbø

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Den nynorske lyrikken kan godt lesast som ein eigen tradisjon, som skil seg frå bokmålslyrikken. I denne essaysamlinga viser Jan Inge Sørbø korleis impulsane frå Ivar Aasen har forplanta seg til stadig nye generasjonar nynorsklyrikarar.
 
Særpreg i nynorsk lyrikk
Sjølv om Ivar Aasen er sjølve farsfiguren i den nynorske lyrikken, er nynorsk lyrikk i utprega grad levande litteratur – som tek tekstar opp i seg og skapar nye tekstar. Dei nynorske lyrikarane på 1800- og 1900-talet representerer både eit framhald og ei radikal omkasting av impulsane frå Aasen. Jan Inge Sørbø viser korleis nynorske dikt gjennom hundre og femti år finn sitt særpreg, korleis dei endrar seg frå klassisisme via ekstatisk romantikk til modernisme – heile tida med dei gamle tekstane som ressonansbotn.

Jan Inge Sørbø (f.1954) har ein allsidig forfattarskap bak seg og har mellom anna skrive kritikarroste bøker om Ronald Fangen, Alfred Hauge og Hans Skjervheim. Han er til dagleg tilsett som professor på Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda.

fra-gamle-fjell-...Andre titlar på Samlaget:
Alexander
Babettes gjester
Blomsterbarn i kyrkja
Blåmalar og litt lakkerar
Den sjette timen : bibeldikt
Essay om teologi og litteratur
Frå gamle fjell til magma
Hans Skjervheim
Lågt skydekke
Offentleg samtale: presse-
  etiske grunnspørsmål

Svar til ein sjaman: new Age,
  overmennesket, og ei 
  kyrkje på flukt

Syn og segn: 1993 - 1 Red.
Syn og segn: 1993 - 2 Red.
Syn og segn: 1993 - 3 Red.
Syn og segn: 1993 - 4 Red.
Syn og segn: 1994 - 1 Red.
Syn og segn: 1994 - 2 Red.
Syn og segn: 1994 - 3 Red.
Syn og segn: 1994 - 4 Red.
Syn og segn: 1994 - 5 Red.
Syn og segn: 1995 - 1 Red.
Syn og segn: 1995 - 2 Red.
Syn og segn: 1995 - 3 Red.
Syn og segn: 1995 - 4 Red.
Syn og segn: 1996 - 1 Red.
Syn og segn: 1996 - 2 Red.
Syn og segn: 1996 - 3 Red.
Syn og segn: 1996 - 4 Red.
Syn og segn: 1997 - 2 Red.
Syn og segn: 1997 - 3 Red. Syn og segn: 1997 - 4 Red.
Til Elise: roman


Del på