Ny utgåve av Norsk Ordbog

Berebjelken mellom norske ordbøker har dei siste hundre åra vore Norsk Ordbog, hovudverket til Ivar Aasen. No er denne boka utgjeven med latinsk skrift av førsteamanuensis Terje Aarset ved Høgskulen i Volda og Kristoffer Kruken ved Universitetet i Oslo. Hovudkjelda til det nynorske skriftspråket er gjennom denne utgjevinga endeleg tilgjengeleg for alle.

Norsk Ordbog (1873) er hovudverket til Ivar Aasen. Boka byggjer på Ordbog over det norske Folkesprog (1850, ny utgåve 2000), men tilfanget er auka frå 25 000 til 40 000 ord.

1064245698

Berebjelken
Norsk Ordbog har oppslagsformer og bruksdøme i det nyreiste landsmålet ved sida av systematiske opplysningar om utbreiing og uttale i målføra. I over hundre år har Norsk Ordbog vore berebjelken mellom norske ordbøker, og boka er enno den fremste kjelda til norsk dialektologi, ordhistorie og ordgeografi.

Norsk Ordbog vart opptrykt fire gonger på 1900-talet og er framleis å få i antikvariata. Men alle opptrykka har gotisk skrift (fraktur) som førsteutgåva, og det gjer boka vanskeleg å bruke for mange i dag.

Tilgjengeleg for alle
Den nye utgåva er trykt med latinsk skrift (antikva) bokstavrett etter originalen. Tillegg og rettingar som i 1873-utgåva og seinare opptrykk står bak i boka, er sette inn på alfabetisk plass.

Norsk Ordbog har ei fyldig fagleg innleiing. Første delen legg hovudvekta på Aasens arbeid med manuskriptet, særleg i åra 1861-75, og på utgåvene frå 1900-talet. Andre delen gjer greie for redigeringsprinsipp og typografi i den nye utgåva.

Redaktørane
Kristoffer Kruken (f. 1950) frå Leksvik i Nord-Trøndelag, er førsteamanuensis i norsk språk ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, Seksjon for namnegransking, Universitetet i Oslo. Han er ein av landets fremste personnamngranskarar og har mellom anna gjeve ut Norsk personnamnleksikon (2. utgåva 1995) og nyutgåver av Aasen-skrifter: Norsk Navnebog (1997) og Ordbog over det norske Folkesprog (2000), begge saman med Terje Aarset.
Terje Aarset (f. 1945), frå Vartdal på Sunnmøre, er førsteamanuensis i norsk språk ved Nordisk institutt, Høgskulen i Volda. Han har siste åra arbeidd mest med å gje ut uprenta manuskript av Ivar Aasen (saman med Jarle Bondevik og Oddvar Nes). I 1986 gav han ut lvar Aasen: Det norske Folkesprogs Grammatik i ny utgåve, året etter Norsk Navnebog og i 2000 Ordbog over det norske Folkesprog, dei to siste saman med Kristoffer Kruken.

Les også leiaren i Dag og Tid og omtalar på Samlaget si vevside.

Del på: