Professor Walton med bok om amerikaniseringa

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Stephen Walton er professor i nynorsk skriftkultur ved Ivar Aasen-instituttet.

I ”Den teksta versjonen” gjennomgår han kva bilete dei franske intellektuelle har hatt av Amerika og amerikaniseringa, eit bilete som i stor grad har påverka resten av Europa.

Boka tek for seg den franske amerikadiskursen på 1800-talet, går via kjende intellektuelle på 1900-talet som Sartre, de Beauvoir og Baudrillard, og endar opp med omgrepet etter 9/11, då amerikanisering er blitt ”globalisering”.

- Globalisering er amerikanisering utan fast adresse, kommenterer Walton sjølv.

"Den teksta versjonen" kom ut på Samlaget første desember, og vert lansert førstkomande torsdag.

walton_amerika

Del på