Studentsørvis

  • Velkomen på 70 språk

    Publisert

    Reidun Aambø har undervist i 20 år på det 1-årige studiet «Norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar». I løpet av desse åra har studentar frå 89 land skrive lappar med «velkomen» som Aambø har samla på. Resultatet kan du no sjå på veggen ved auditoria i Berte Kanutte-huset.

  • Arne Kåre Topphol avdekkjer feil statistikkbruk i viktig fagbok

    Publisert

    Førsteamanuensis Arne Kåre Topphol ved Institutt for realfag har avdekka systematisk feilbruk av statistiske effektmål i ei fagbok av den anerkjende utdanningsforskaren John Hattie. Den aktuelle boka er eit sentralt verk innan utdanningsforsking og har også fått stort gjennomslag i norsk utdanningsdebatt.

  • Glimt i bilete frå Internasjonal dag

    Publisert

    Pirrande matlukt, fargerike stands og dans med Samsaya så tidleg som klokka tolv på dagen- Internasjonal dag 2012 vart ein strålande suksess. Sjå nokre bilete frå den livlege dagen.

  • Veka startar i dag

    Publisert

    Dagen startar med Internasjonal dag og fortsetter på kvelden med Merkesteinane som opnar Veka på Rokken, samt vekekviss og konsert med Wiener Melange.

  • Kom på Internasjonal dag!

    Publisert

    I morgon klokka 11.15 går fanfaren for Internasjonal dag i Berte Kanutte. Fram til klokka 14.30 vert det eit levande program spekka av god musikk, informasjon, fargerike stands og gratis internasjonal mat i kantineområdet og Store BK auditorium.

  • Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek med studentundersøkelse

    Publisert

    Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB) produserer og låner ut studielitteratur som lydbøker til studenter som har vanskeligheter med å lese trykt tekst på universitet, høgskole og fagskole. De ønsker i større grad å nå fram til, informere, låne ut, produsere og være relevante, og har derfor behov for å vite mer om hvordan studenter i deres målgrupper klarer seg gjennom studietiden.

  • Journalistikkstudentane med avslutningsvideo

    Publisert

    Avgangsstudentane i journalistikk skal ut i eksternpraksis neste måndag. I helga laga dei ein musikkvideo som blei spelt inn på Berte Kanutte-huset og på Aasen- og Strøm-huset. Musikkvideoen heiter «Gje meg Volda ein gong til».

  • Vinn ein iPad2!

    Publisert

    Paris eller Hawai'i? Bali eller Budapest? Australia eller Argentina? Ønskjer du å dra på utveksling? Internasjonalt kontor vil gjerne vite kor du ønskjer å dra.

  • Speeddating og sex-debatt

    Publisert

    Ungdom i Noreg toppar klamydiastatistikken. Røde Kors sitt studentlag spør kvifor? Har dagens seksualundervisning gått ut på dato, er prevensjon dyrt og vanskeleg å få tak i, eller treng ein holdningsendringar? Dette er nokre av spørsmåla Røde Kors Ungdom sitt nyoppstarta studentlag stiller 14.februar kl.19:30 på Studenthuset Rokken.