Speeddating og sex-debatt

Tekst: Webmaster Volda

Tekst skrevet av: Espen André Breivik

– Vi meiner at ungdom treng sunne arenaer for å kunne diskutere spørsmål som dette, difor har vi på sjølvaste Valentinsdagen invitert fleire gjestar til debatt. I panelet er representantar frå helsevesenet, nestleiar i Røde Kors Ungdom sentralt, politikarar og andre. Vi kjem til å ha ein ordstyrar, men opnar også opp for spørsmål frå salen, fortel Rakel Kjeldsberg Wabø frå studentlaget.

Varmar opp med dating
Studentane lover god stemning og kjærleik i lufta. – Dette er dagen før Veka, og ingen skal behøve å gå einsam på konsert. Speeddatinga er uformell og for moroskyld, men klisjenivået skal likevel stå høgt. Vi håper at resultatet blir nye venskap og kanskje er nokon så heldige og finn den store kjærleiken, smiler Wabø. Ho forsikrar at legning ikkje har noko å seie. – Det blir rullering frå bord til bord, der ein har fem minutt til å bli betre kjent med kvarandre. For å unngå pinleg stillheit, har vi både snacks og det vi kallar «snakkekort» på borda. Om nokon finn tonen, vil det vere nok av tid til å finne kvarandre igjen, fortel ho.

Debatt og vaffelhjarter
Smittetala for seksuelt overførbare infeksjonar går drastisk opp her i Noreg, deriblant hiv/aids. – Det er lite som tyder på at tala vil gå ned med det første. Vår organisasjon møter ungdom over heile Noreg og driv informasjon- og holdningsskapande arbeid kring seksualitet og seksuell helse, vi opplever at dette er eit felt mange har lite kunnskap om og få kjenner til eventuelle konsekvensar som kan oppstå, fortel Wabø. Dette er grunnen til at studentlaget avsluttar kvelden med ein spanande debatt, med servering av nysteikte vaffelhjarter. – Det vil også vere mogleg å vere publikum under debatten, utan å delta på speeddatinga, der er alle velkomen! På spørsmålet om gratis kondomer vil vere tilgjengeleg er svaret sjølvsagt: Ja!

1559f84284528e8287b79b8f32e57a76c1ba309b

Røde Kors Ungdom sitt studentlag ønskjer å setje fokus på bruk av prevensjon for å forebygge kjønnssjukdomar.

Del på