Kvifor er det slik akkurat her?

Tekst: Tor Mikalsen

- Oppdatert

30 samfunnsfagstudentar ved grunnskulelærarutdanninga var nyleg med på ein tradisjonsrik haustekskursjon onsdag 24. september. 

– Kunnskap om naturen rundt oss gjev glede og engasjement. Målet med ekskursjonen var  å kaste lys over samanhengar mellom vår geologiske historie og dagens landskap, seier Odd Ragnar Hunnes ved Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag.

Bussturen gjekk frå Folkestad, via Nordfjordeid, over Heggjadalen til Austefjorden og tilbake til Volda.  Norleif Vik var ekskursjonsleiar. I felten er lærebøkene erstatta med observasjon, kartskisser, tekst og forklarande figurar.  Både Vik og Hunnes har arbeidd mykje med å auke kunnskapen vår om landskapsformer og ulike andre fenomen i naturen i området vårt.

c150b54ffb514ea3bce6da708e6cb26dStudentgruppa ved ei israndavsetjing ved Fossebakken i Eid kommune.

Dei fagansvarlege fortel at studentane skal levere ei skriftleg oppgåve der dei mellom anna skal skrive om tilsvarande observasjonar frå si heimkommune. 

– Det å setje vår lokale geologi inn i ein større samanheng, og prøve å forklare den  lokale landskapsutviklinga som har gått føre seg både før, under og særleg etter den siste istida, skaper interesse for vår lokale naturgeografi, seier Vik og Hunnes.

56e8b4307ebe43ff34c63b8fa13f08e0Marin leire som er komen til syne i ei ny vegskjering på veg mot Nordfjordeid.

a4c32e1b67243d3caba8e2425751e1cdEit lite stopp ved paddestatuen i Austefjorden.

Del på