Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning

─ Med det nye studietilbodet kan du bli barnehagelærar medan du jobbar i barnehage, uansett kvar du bur, fortel studieleiar Elisabeth Welle.

7d7c96ceb179cf1900d4d7386a9baf4b2c4b4a88

HVO har tidlegare tilbydd arbeidsplassbasert førskulelærarutdanning, men med den nye rammeplanen for barnehagelærarutdanninga blir også det arbeidsplassbaserte studietilbodet lagt om.

─ Studiet vil ha færre fysiske samlingar, men sidan barnehagelærarutdanninga er ei profesjonsutdanning som i stor grad handlar om danning er det viktig å møtast ansikt til ansikt, seier studieleiar Elisabeth Welle.

TILPASSA STUDENTANE

Den arbeidsplassbaserte barnehagelærarutdanninga (ABLU) er ei bachelorgrad, organisert som ei deltidsutdanning over fire år. Det blir lagt opp til om lag seks vekesamlingar i Volda kvart studieår.

─ Studiet er slik tilpassa dei som har jobba ei stund i barnehage som assistent, og som ønskjer å ta barnehagelærarutdanning, men som ikkje har mogelegheit til å stille på mange samlingar. Eg trur det er fleire som kan nytte seg av dette studietilbodet sidan ein i prinsippet kan bu kvar som helst i landet, seier Welle.


ADOBE CONNECT

Store delar av studiet blir nettbasert, og undervisinga blir i sanntid.

─ Vi vil bruke programmet Adobe Connect der ein også har mogelegheit til å gjere andre ting enn berre å forelese og dele studentane i diskusjonsgrupper. Vi får besøk av ein person med erfaring med dette programmet som skal gje oss inspirasjon til kva som er mogeleg.

Teknologien er ny for barnehagelærarutdanninga, og Welle gler seg til å kunne tilpasse den til dei tverrfaglege kunnskapsområda.

─ Vi har ein del praktiske fag som blir ei utfordring å formidle, og vi skal no begynne å jobbe med korleis vi kan bruke teknologien til dette, seier Welle.

Studiet startar opp i november, og det er framleis ledige studieplassar. Kontakt Elisabeth Welle for meir informasjon: Elisabeth.Welle@hivolda.no  

Del på: