Samla over 100 fagfolk for å utvikle lærarutdanninga
Som eit ledd i å gjere grunnskulelærarutdanninga enda betre, var over 100 lærarutdannarar frå Høgskulen i Volda og praksisfeltet var samla til dialog og erfaringsutveksling på seminar for Grunnskulelærarutdanningane (GLU-seminar) i Loen.
Som eit ledd i å gjere grunnskulelærarutdanninga enda betre, var over 100 lærarutdannarar frå Høgskulen i Volda og praksisfeltet var samla til dialog og erfaringsutveksling på seminar for Grunnskulelærarutdanningane (GLU-seminar) i Loen.
GLU-seminaret, som vart heldt 18.–19. januar, er eit årleg arrangement der praksislærarar, skuleleiarar, skuleeigarar, studentar og lærarar på grunnskulelærarutdanningane samlast. Å bli betre kjende på tvers av roller og dele tankar og erfaringar, vil kunne bidra til auka forståing for kvarandre sine perspektiv og gjere at vi saman kan heve kvaliteten i lærarutdanningane.
Erfaringsdeling og dialog prega GLU-seminaret, og blant programpostane var GLU-studentar som fortalde om masteroppgåvearbeid, samtale i faggrupper og sofaprat om korleis vi kan samarbeide om å betre rekruttering til læraryrket. Torsdagen vart avslutta med Teachmeet der studentar, praksislærarar og faglærarar frå Høgskulen i Volda (HVO) delte tankar og tips for eit interessert og entusiastisk publikum.
Tema for årets GLU-seminar var lærarprofesjon i utvikling, og fredagen leia foredragshaldar Cato Bjørndal forsamlinga inn i refleksjonar om korleis erfaringslæring kan brukast som rammeverk for profesjonell utvikling som lærarutdannar. Bjørndal er til dagleg dosent ved Universitetet i Tromsø, RESULT – Ressurssenter for læring og teknologi og dosent II ved HVO, Institutt for pedagogikk.
- Les meir om grunnskulelærarutdanning for 1.-7. trinn
- Les meir om grunnskulelærarutdanning for 5.-10. trinn
Arrangørane av seminaret er svært imponerte over engasjementet til deltakarane, som gjennom innlegg i plenum og deltaking i samtalegrupper deler raust av erfaringar og refleksjonar. Det er dette som gjer at GLU-seminaret blir ein god arena for relasjonsbygging og læring for lærarutdannarar. Seminaret er ein viktig møteplass for samarbeid om praksisopplæringa, og med godt samarbeid kan vi saman heve kvaliteten i grunnskulelærarutdanningane.
Sjå eit utval bilde frå seminaret under her.