Auka fokus på mat i barnehagelærarutdanninga

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

2a68311389e74f336ccd892e37fb9dae
Høgskulelektor Kari Ryslett viser nokre av barnehagelærarstudentane korleis dei lagar potetlefser.  

Barnehagelærarutdanninga, som var ny i fjor haust, har eit større fokus på mat og kosthald enn den tidlegare førskulelærarutdanninga. Det faglege innhaldet i barnehagelærarutdanninga er organisert i seks kunnskapsområde. Eit av desse er Natur, helse og rørsle. I dei nasjonale retningslinjene for barnehagelærarutdanninga står det at «Profesjonskompetansen inneber også å ivareta og fremme barns helse i vid forstand, og å kunne leggje til rette for eit variert og sunt kosthald i barnehagen.»

─ Ein er allereie ferdig med det søte i barnehagen, og bursdagsfeiringane består ikkje lengre av kaker og saft. Men framleis er posesupper og kjøpebrød mykje i bruk. Desse inneheld mykje salt, så her er det forbetringspotensiale, seier Ryslett.

På kjøkkenet i kjellaren i Kaarstad-huset lærer ferske barnehagelærarstudentar om mat og kosthald.

─ Eg håpar studentane vil få inn brødbaking som rutine i barnehagane når dei blir pedagogiske leiarar, og at dei oppfordrar barna til å vere med og lære om smakar, form og kva dei forskjellige ingrediensane er og heiter. Vi treng å betre kvaliteten på maten i barnehagane, sjølv om det har skjedd ein revolusjon. Foreldre stiller krav til kva barna får i seg, og dei treng skikkeleg næring for å leike og lære, seier Ryslett.

18a806499d38afa3357848a86d5d1937
Siv Randi Førde, Jeanette Langeland, Aleksander Kvernevik og Marita Bergit Alsaker lagar i dag mellom anna brød på steiketakke og linsesuppe. 

På menyen til studentane i dag står mellom anna fiskesuppe, tomatsuppe og potetkake. Nokre av studentane har laga mat frå grunnen av, medan det for andre er relativt nytt.

─ Eg har litt meir erfaring med halvfabrikat, og eg måtte spørje Kari om korleis eg skulle kutte opp løk tidlegare i dag, innrømmer Aleksander Kvernevik.

Studentane er einige om at det er viktig å ha fokus på kosthald.

─ Det er kjekt å kunne lage litt varm mat frå grunnen av og la barna få vere med på det. Fem frukt eller grønsaker om dagen og minimalt med sukker og salt er gode retningslinjer, men ikkje noko eg har prøvd så mykje i praksis enno, seier Siv Randi Førde. 

Del på