Barnehagekonferansen 2014

Barnehagekonferansen 2014 blir arrangert 30. og 31. oktober på Rica Parken Hotel i Ålesund. Konferansen er eit årleg samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen i Volda, Utdanningsforbundet Møre og Romsdal og Fylkesmannen i Møre og Romsdal, oppvekst- og utdanningsavdelinga. Barn og leik er sentralt tema i år.

a16ab911cba60f839f417698e45316e1

Den 8.januar 1991 ratifiserte Norge Barnekonvensjonen. Med det har regjeringa og Stortinget gitt lovnad om å arbeide for barn sine rettar i Norge. Artikkel 31 i Barnekonvensjonen slår fast at barn har rett til å leike. Leik er barnet sitt naturlege uttrykk.

– Barns eigeninitierte leik må verdsettast, og leik for sin eigen del må ikkje undervurderast. Leik som ytringsfridom er utgangspunkt for innhaldet i Barnehagekonferansen 2014 , seier Hanne Elin Harnes ved Høgskulen i Volda.

Sjå oppslag i Sunnmørsposten.

Del på: