Bur heime - studerer ved Høgskulen i Volda

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Studentar i indre Nordfjord har fått ein høgskule berre 45 minutt heimanfrå. Gjennom Kviven kan unge frå Hornindal og Stryn ta utdanning ved Høgskulen i Volda, medan dei framleis kan bu heime. I Hornindal er det nær 15 studentar som har valt denne løysinga, med dagpendling til Volda.  Åtte av dei utdannar seg til barnehagelærar i Volda, ved å køyre Kvivsvegen kvar vekedag. 

8789e257645c460b368591923dddc312

Gjennom Kviven opna det seg nye utdanningsvegar for studentar i indre Nordfjord. Desse fire pendlar i lag frå Hornindal til Høgskulen i Volda kvar vekedag, frå venstre Marte Gausemel, Nina Gausemel, Lone Seljeset og Marianne Seljeset. (Foto: Inger Træen  i Fjordabladet.)  

Viktig vegval  

Fire studentar som går første året på barnehagelærarutdanning pendlar i lag til Volda kvar dag. Dei er godt nøgde med å kunne bu heime i Hornindal medan dei tek utdanning i Volda. 

–  Utan Kviven hadde det vel ikkje blitt noko meir utdanning på meg, seier Marianne Seljeset. Som mor til ei jente på barneskulen i Hornindal, blei dagpendling eit bra alternativ.  

– Vi reiser heimanfrå rundt halv ni, og brukar rundt 45 minutt til Volda, seier Seljeset som til liks med dei tre andre er godt nøgd med studiesituasjonen og utdanninga på Høgskulen. 

– Eg har vel alltid tenkt at eg ville jobbe i ein barnehage. Ikkje minst fordi ein då får vere mykje ute, og delta i aktivitetar saman med barna, seier ho og får støtte frå dei tre andre.  

– Barnehagelærar er eit yrke der ein får vere i aktivitet og slepp å sitje inne på eit kontor. Vi likar godt friluftsliv er tykkjer det er kjekt å kunne bruke arbeidsdagen til å vere ute saman med barna, seier studentane frå Hornindal.      

Praksis i Hornindal  

Under sitt første studieår i Volda er dei ferdige med tre veker praksis i barnehage. Den fekk dei ta ved Hornindal barnehage no i haust.   

–  Vi var heldige og fekk ta praksis i heimkommunen. Det skal vi også no i neste praksisperiode. For oss passar det veldig bra å kunne jobbe i ein barnehage der vi bur, seier dei fire studentane som meiner dei blir inkludert i studentmiljøet, sjølv om dei ikkje bur i Volda.  

– Om vi vil vere med på noko på kveldstid er det fullt mulig å ta turen til Volda. Det er ikkje så langt å køyre frå Hornindal, og vi reiser gjerne opp dit på studentaktivitetar som konsertar og liknande, seier Lone Seljeset som også er godt nøgd med å dagpendle til Volda.      

Ikkje hybel  

 – Utan Kvivsvegen hadde det vel blitt ein annan studiestad på meg. Eg trur ikkje at eg hadde flytta på hybel til Volda, då hadde det vel heller blitt Bergen eller ein annan stad. Men no er det heilt greitt å bu heime, då brukar ein også mindre pengar på utdanninga, seier Lone som også understrekar at mangel på barnehagelærarar er ein viktig grunn til utdanningsvalet.  

– Vi veit at det trengst fleire barnehagelærarar og at arbeidsmarknaden ser ganske lys ut. Det gjorde også til at eg valde denne utdanninga, seier Lone og får støtte frå dei andre.  

– God tilgang på jobbar er viktig. I Hornindal bur vi midt mellom fleire kommunar der det kan vere aktuelt å arbeide. Å jobbpendle til Eid, Stryn eller Volda er noko som vi vil vere innstilt på, dersom vi framleis vel å bu i Hornindal seier dei komande barnehagelærarane.

Kjelde:Fjordabladet

Del på