Dansar mot straumen

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Tekst og foto av Hanne Marie Molde

- Imponerande! Korleis får studentane til å laga desse skulpturane? May-Helen Molvær Grimstad, leiar i familie- og kulturkomiteen på Stortinget, ser fasinert på andleta laga av keramikk.

- Dei er heldige som får studiepoeng for dette, legg Stein P. Aasheim til, medan han ler.

Grimstad og Aasheim ser seg rundt på Avdeling for kulturfag ved Høgskulen i Volda. Som eksterne representantar i avdelingsrådet, skal dei to vera med å bestemma utviklinga av denne nye kulturavdelinga.

- Eg synest det er veldig spennande å få vera med. Det er kjekt at Volda går ein ny veg. Kultur er viktig i samfunnet, seier Grimstad.

Reindyrka kulturprofil

Rådet føl etter dekan Aud Folkestad. Dei går ned trappene og inn i ein sal der omlag 100 studentar frå Høgskulekoret syng høgt frå ”Messias”.
- Utruleg flott, utbryt Grimstad etter at applausen har lagt seg.
Under omstruktureringa av Høgskulen i Volda i vår, vart det bestemt å satsa spesielt på kultur. Kunst og kultur vert ofte sett på som litt dyre fag, og difor er det mange høgskular som valde å fjerna desse då dei fall ut av den obligatoriske lærarutdanninga.

- Nokre var nok skeptiske til å avgjersla vår, for det er ei økonomisk spenning knytt til det. Likevel ynskte me å visa at Høgskulen i Volda satsar på kultur gjennom å ha ein reindyrka kulturprofil, fortel dekan Folkestad.

 

SANG_MAGASIN

Høgskulekoret syng på "Messias" medan avdelingsrådet er på besøk.

 

 

Dansing

Drama og teater, musikk, kunst og handverk, medie- og kommunikasjonstekonologi, idrett og friluftsliv. Det er mange fag ein kan velja mellom i den nye avdelinga. Og avdelingsrådet har alt byrja å sjå etter nye satsingsfelt.

- Neste år skal me få i gang to halvtårsstudium i dans med hjelp frå Sunnmøre Ballettkompani, fortel Folkestad.

I dag er det få statleg finansierte studieplassar innafor dans i Noreg. Derfor må mange dansarar gå på private skular, her dei manglar formell kompetanse. Høgskulen i Volda ynskjer å gje desse studentane eit tilbod.

- Me har ikkje stort rom innafor våre økonomiske rammer i dag, så det vil verta eit betalingsstudium. Men på sikt ynskjer me å gjera det om til eit ordinært tilbod, seier ho.

FOLKESTAD_MAGASIN_4

Aud Folkestad er dekan ved Avdeling for kulturfag

 

Avdelinga ser òg for seg å kunne vidareutvikla tilbod innafor kultur til det frivillige, til skulen og til kultursektoren og næringslivet i regionen.

- Me kan ikkje berre tenkja på studentgruppa mellom 19 og 31 år. Me må òg ha kurs og etterutdanning, seier Folkestad.

Vil kjempe

Avdelingsrådet går opp ei trapp til den gamle scena i gymsalen. I dag er her ein klatrevegg.

- Òg me skal snart få styrkerom, forklarar ein av representantane.

Så går dei ut i symjehallen, og deretter tilbake mot møterommet.

- Det er vanvittig spennande å få vera med på dette, seier Karoline Rånes Tommelstad.

Ho er ein av to studentrepresentantar frå avdelinga. Sjølv går ho på musikk og synest det er flott å få samla ei avdeling med folk som har same fokus og interesser som henne.

- Kulturfag er eit dyrt område, og då kan mange tenke at det ikkje er verdt det. Men det er det. Kunst og kulturfag er viktig å ha med seg i lærarutdanninga og i samfunnet elles, seier ho. Derfor er ho glad for at nokon har slike tilbod.

- Eg synest det er bra at Høgskulen i Volda satsar på kultur. Det vil eg vera med å kjempa for, seier ho.
Så går Tommelstad inn for å utvikla idear på det første av mange avdelingsrådsmøte.

Del på