Fagdag: Gode skular krev gode lærarar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Ullern videregående skole hadde i 2001 berre ni primærsøkjarar, men er i dag ein av dei vidaregåande skulane i Oslo som har flest primærsøkjarar. Skulen er i dag ”Nasjonal demonstrasjonskole for 2006-2008”. Pål Riis er utan tvil ”arkitekten” bak strategiane som har ført til denne positive endringa.

Fellesskap

Rektor Pål Riis har forsøkt å få heile kollegiet til å setje felles mål, å snu ein individuell lærarkultur til å bli kollektiv. I ”coaching” har han funne eit verkty som fungerer. Dei tilsette har funne eit felles språk og måleverkty for læring, trivsel og resultat.

Pål Riis er medforfattar av to bøker: Coaching i skolen (2005) og Profesjonelle dialoger, coaching og relasjonstenking i skolen (2008)

b86140b17ce1230d08f0796ae2fd025b35fe0701

Rektor Pål Riis kjem til å vinkle foredraga sine mot kor viktig det er med gode lærarar for å få god læring. Foto: KS

Fagdagen for praksislærarar og skuleleiarar vert to-delt:

Første del går føre seg på Hotel Ivar Aasen i Ørsta frå kl. 10.00 - 13.00. Denne bolken er for rektorgruppa på praksisskulane og lærarutdannarar frå HVO.

Andre del er ope for alle, men er i utgangspunktet meint for praksislærarar i allmenn- og grunnskulelærarutdanninga, og går føre seg i auditoriet i Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda, i store auditorium frå kl. 15.00 – 18.00.

Last ned føredraga frå dagen:


Del på