Fokus på dysleksi

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

─ Statestikken viser at det er ein dyslektikar i kvart klasserom, i alle fag.  Det er difor eit viktig tema for lærarar og komande lærarar, seier Aas.

Dysleksi betyr å ha vansker med ord. Det er språkbaserte lærevanskar, det er arvelig og omfattar fleire språklege områder enn dei som angår lesing og skriving.

─ Kjerneproblemet for dyslektikarar er knytt til evna å oppfatte og skilje dei minste språkeiningane, fonema, som er språklydane, fortel ho.  

Å kunne lese er ein av dei grunnleggande ferdighetane elevane skal ha. I løpet av dagen i dag og morgondagen vil studentane få praktiske tips til kva dei kan gjere i klasserommet og korleis dei kan bruke IKT som hjelpemiddel for dei med dysleksi.

Nyttige lenker:

Dysleksi Norge

Tilrettelegging av undervisning og eksamen

Del på