Første undervisningsdag for ABLU
I går var første undervisningsdag for studentane på den nye arbeidsplassbaserte barnehagelærarutdanninga (ABLU). Adobe Connect gjorde det mogeleg for 31 studentar å følgje førelesningar på høgskulen i sanntid heimafrå.
Faglærar i pedagogikk Torhild Høydalsvik var ein av dei som hadde forelesing for studentane via Adobe Connect.
─ Det er veldig spennande og det ser ut som det har gått bra. Nokre av studentane har hatt litt tekniske problem, men dei har fått god hjelp av Rune Mo på IT-kontoret, seier studieleiar ved barnehagelærarutdanninga Elisabeth Welle.
Studentane har vore aktive frå kl. 09.15-15.15, med både førelesingar og gruppearbeid. Økta har gitt fleire erfaringar til neste gong.
─ Undervisninga vart gjennomført slik som planlagt, og vi utnytta berre ein liten del av moglegheitene som ligg i Adobe Connect. Vi fekk gjere fleire erfaringar som blir tekne inn i neste økt – som er alt neste veke, fortel faglærar i pedagogikk Torhild Høydalsvik.
I løpet av dagen hadde dei to økter med gruppearbeid.
─ Dei arbeidde då i gruppe på 3 studentar i sine grupperom i Adobe Connect. I etterkant kunne eg som faglærar gi ei og ei gruppe tilgang til å legge fram studentarbeidet sitt. Dei fekk kommentere studieoppgåver munnleg undervegs- som vi alle høyrde. Chat-feltet støtta undervisninga heile tida og ga meir studentmedverknad. Eg som faglærar fekk innspel og studentane kunne dele fagspørsmåla med dei andre i dette feltet. Spørsmål kunne stillast, fortel Høydalsvik.
Høydalsvik trur Adobe Connect blir eit viktig verkty i åra som kjem.
GOD RESPONS FRÅ STUDENTANE
Undervisningsforma har allereie fått god respons frå studentane.
─ Studentane var i Volda i veke 47 for å bli kjende med kvarandre og møte forelesarane, slik at det ikkje skulle vere skummelt å snakke med kvarandre via Adobe Connect. Det ser ut til å ha fungert bra og dei var glade for å sjå kvarandre igjen, seier Welle.
─ Vi evaluerte litt på slutten av dagen, og delte erfaringar med denne undervisningsforma. Dagen hadde vore kjekk, lærerik og spanande. Erfaringane så langt er såleis gode, og dette blir truleg eit viktig verkty i åra som kjem, fortel Høydalsvik.
Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning er det første profesjonsstudiet ved Høgskulen i Volda som har mykje av undervisninga si i sanntid på nett, ved hjelp av konferansesystemet Adobe Connect. Den arbeidsplassbaserte barnehagelærarutdanninga er ei bachelorgrad, organisert som ei deltidsutdanning over fire år.
─ Med det nye studietilbodet kan du bli barnehagelærar medan du jobbar i barnehage, uansett kvar du bur, fortel Welle.
I tillegg til undervisning frå høgskulen og praksisopplæring, har studentane i dette studiet arbeidsplassen som ein viktig læringsarena. Studentane har krav om minimum 40 % arbeidstilknyting i ein barnehage medan dei er studentar.