Gründercamp for GLU-studentane

Tekst: Tone Solhaug

- Oppdatert

Kvart år blir det arrangert gründercamp for GLU-studentane ved HVO for å førebu dei på å sjølve gjennomføre gründercamp på ungdomstrinnet og undervise i faget utdanningsval i 9.klasse.

─ Vi arrangerer gründercamp for å vise studentane korleis dette skal gjerast i grunnskulen, og for å forstå kva hensikta med det er, seier studieleiar ved grunnskulelærarutdanninga Odd Helge Tonheim.

HVO var den første høgskulen med gründercamp for grunnskulelærarstudentar, og det er i år sjette året det arrangerast. Gründercampen er eit samarbeid med Ungt entreprenørskap Møre og Romsdal (UE), og er ein meir komprimert versjon av den som blir arrangert i ungdomsskulen.

─ Gründercamp er viktig for at elevane skal gjere gode utdanningsval seinare, og dersom dykk hadde vore 9. klassingar hadde dykk fått møte mange yrker i nærområdet i løpet av campen, sa rådgjevar ved UE Sissel Tegelsrud Kolstad til studentane.

 289c9ccf40e3ec3f7902c11c853f65e9dba41be3
Marianne Førde, Eskild Dagfinrud, Lindi C.E. Galschiødt og Marte Ertesvåg kom på førsteplass i gründercampen med profieleringsprodukt for HiVolda. 

SVELESPADE OG FOTOALBUM TIL TOPPS

Det var seks grupper som deltok på årets gründercamp, og dei fekk oppgåver i frå Scana Volda, Helse Møre og Romsdal, Tussa, StudiebygdA og HiVolda. Gruppene hadde 24 timar til disposisjon for å løyse oppdraget dei hadde fått tildelt.

─ Eg er veldig stolt av dykk alle. Her har de stått på og verkeleg jobba, sa dekan Arne Myklebust.

Årets vinnar fekk i oppgåve å lage eitt eller fleire profileringsprodukt som gjenspeglar det spesielle ved Høgskulen i Volda. Produktet skulle brukast som gåve til gjesteførelesarar, norske og utanlandske institusjonar eller ved andre arrangement. Produktet kunne eventuelt også brukast i ein rekrutteringssamanheng, som t.d. gåve til nye studentar. Resultatet blei ein gåvepakke med ei svelespade med inngravert sveleoppskrift på engelsk og HVO-logoen, saman med ei bildebok med bilde frå Volda og høgskulen.

Studentarbeida blei vurdert av juryen beståande av Martin Ola Brænne frå Brænne Eigedom AS, Sissel Andenes frå Sissel Blomster og interiør, og Arne Myklebust frå Høgskulen i Volda. Juryen sa om vinnargruppa at dei hadde ein god idé som absolutt var mogeleg å gjennomføre, og at det var bra at dei brukte lokale leverandørar. Dei meinte også det var godt samsvar mellom oppdrag, produkt og presentasjon.

9ec1ecaf886a8885c9739b4d8d580b7408d3d7e4
Gruppa som kom på andreplass fekk oppdrag frå Tussa, her saman med juryen. 

På andreplass kom gruppa som fekk i oppdrag frå Tussa å lage ein profileringsartikkel som gjenspegla bransjen, med skuleungdom som målgruppe. Dei kom med ideen om å lage eit energispel i form av ein App for å rekruttere framtidig arbeidskraft til Tussa.

70e3282b892a1737aa63e7157b6a6c19a7638113
Gruppa som kom på tredjeplass fekk oppdrag frå Helse Møre og Romsdal- Lærings- og meistringssenteret, her saman med juryen. 

Tredjeplassen gjekk til gruppa som foreslo sjølvmerking av personar som har vore på utanlandske sjukehus og som kunne vere moglege bærarar av den antibiotikaresistente bakterien MRSA.

Les meir om Ungt Entreprenørskap og følg med på deira Facebook-side. 

Del på