- Har du det i deg?

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Jo Fredrik og ein representant frå lærarstanden vil vere å treffe på ein stand under yrkesorienteringane ved dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal.

09d749e3d6aa9101db914dfa44bf60c9697811ee

Informasjonskonsulent Helle Nærø, grunnskulelærarstudent Jo Fredrik Øiamo og studieleiar Bjørnar Sæterås ved lærarutdanninga i Volda har nettopp rigga opp GNIST-standen på Volda vidaregåande skule

Viktig jobb

- Å vere lærar er ein viktig jobb. Å finne dei rette lærarane for framtida er ei viktig oppgåve. Det handlar om å få søkjarar til lærarutdanningane, seier Jo Fredrik som vil trekke fram det breie og gode utdanningstilbodet for lærarar i Volda, den gode arbeidsmarknaden for lærarar og det eineståande studentmiljøet i den tradisjonsrike skulebygda. Når det gjeld behovet  for kvalifiserte lærarar i skulen, treng Møre og Romsdal åleine fleire hundre lærarar i åra framover.

8ecacae8a5bb2ab1a5646360fec655d0c6822c0e

Arbeidsmarknaden for nyutdanna lærarar er god.   

Frå elitefotball til lærarutdanning

Erlend Holm er kjend som tidlegare midtbanespelar for Ålesund. No har han lagt fotballen på hylla til fordel for lærarutdanning. – Det kjem eit liv etter fotballen også. For å få den jobben eller det yrket du ønskjer må utdanninga og kompetansen vere på plass, seier Erlend. 

Regionalt GNIST-samarbeid

Standen er eit samarbeid mellom partane i den regionale GNIST-partnarskapen i Møre og Romsdal med mellom andre fylkesmannen, Møre og Romsdal fylke, Utdanningsforbundet, Kommunenes Sentralforbund, Høgskulen i Volda, Pedagogstudentene og elevorganisasjonen i Møre og Romsdal. Interesserte kan finne standen på følgjande vidaregåande skular:

  • Mådag 24. januar: Volda vgs
  • Tysdag 25. jauar: Ulstein vgs
  • Onsdag 26. jaunar: Sykkylven vgs
  • Torsdag 27. januar: Fagerlia vgs
  • Fredag 28. januar: Spjelkavika vgs
  • Måndag 31. januar: Bjørnsonhuset/Molde vgs
  • Tysdag 1. februar: Kristiansund vgs
  • Onsdag 2. februar: Surnadal vgs
  • Torsdag 3. februar: Sunndal vgs
  • Fredag 4. februar: Rauma vgs

Ta den store lærartesten!

Har du det i deg? Ta testen her!

NRK

Høyr innslag i NRK Møre og Romsdal frå torsdag 27. januar her. 

Meir informasjon

Talskvinne for regionalt GNIST-partnarskap: Liv M. Opstad ved Oppvekst- og utdanningsavdelinga, fylkesmannen. Tlf.: 71 25 88 22 - Mobil: 993 66 989. E-post: liv.marie.opstad@fmmr.no. Heimeside: www.fmmr.no

Rektor Jørgen Amdam. Tlf: 70075020. Mobil: 95463942

Grunnskulelærarutdanninga i Volda: Bjørnar Sæterås. Tlf: 70 07 50 52. Mobil: 47 34 44 91. E-post: Bjornar.Sateras@hivolda.no

Lærarstudent Jo Fredrik Øiamo (på stand): Mobil: 47 31 41 71

Prosjektleder skole- og barnehageutvikling i Ålesundregionens Utviklingsselskap (ÅRU),Torunn Måseide. Tlf: 70162394
E-post: torunn.maseide@aru.no

GNIST

Del på