HOMO sapiens. Seksuell orientering, kjønn og inkluderande undervising!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

d628a4f8e51846bff1d7438b1e6ca5ac8a80cb8e
Sofie Emilie Holmen (Høgskulelektor HVO), Odd Helge Mjellem Tonheim (studieleiar), Synne Hall Arnøy (Rosa kompetanse) og Aashild Longvastøl (praksiskonsulent).

I haust hadde lærarutdanningane ein fagdag for studentane med dette fokuset, der Synne Hall Arnøy frå Rosa Kompetanse (LLH) var invitert gjesteførelesar. Tilbakemeldingane frå studentane og faglærarar som høyrde på var svært positive, og nokon av tilbakemeldingane gjekk på at dette var noko alle som skulle ut i skulen måtte ha med seg. Dette tok studieleiinga på alvor, og tysdag 9. april var det fagdag for praksislærarane i grunnskulelærarutdanninga. Ifølgje Hall Arnøy er Høgskulen i Volda, saman med Høgskulen i Oslo og Akershus,  eit godt føredøme, med tanke på at vi tar denne tematikken på alvor.

Homo er det mest brukte skjellsordet i norsk skule, og det åleine burde vere nok til å setje dette på dagsordenen i alle lærarutdanningane. Og ifølgje Hall Arnøy er det truleg ein ikkje-heterofil elev i ei klasse på 30 elevar i gjennomsnitt. Dermed er det heilt klart at ein lærar truleg vil treffe på ein elev som på ein eller annen måte er berørt. Det kan til dømes vere at eleven sjølv er homofil, eller at eleven har lesbiske foreldre. Eller eleven kan vere usikker på si eiga legning, og treng nokon å prate med. Det er dermed viktig å tenke gjennom korleis vi møter slike elevar, spesielt med tanke på at samfunnet legg opp til at heterofili er det normale. Hall Arnøy fekk praksislærarane mellom anna til å reflektere rundt korleis ein møter andre personar og kva ein tar for gitt om desse personane.

Tilbakemeldingane får praksislærarane var særs positive, og fleire meinte at dette var noko som heile kollegiet ved praksisskulen burde ha vore med på. Høgskulen i Volda vil fortsetje med å vere eit godt føredøme, og har allereie lagt dette temaet inn på planen for komande studieår. 


Tekst: Odd Helge Mjellem Tonheim 

Del på