Hønekroki

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

2b98de4dd386dc21f7cbc7806f7578c49b2c0759
Førsteamanuensis Karen Brænne tok med uvanlege modellar til krokiteikning


Kroki er fransk for rask skisse, og fokuset ligg difor på kvantitet framfor kvalitet. Studentane leitar etter form og rørsle, og trenar på auge-hand koordinasjon. 

─ Ettersom teikning blir meir og meir digitalt, blir det mindre tid til kroki. Det er difor viktig å ha slike tiltak som ekstra påfyll.

Det er vanlegvis menneskjer som blir skissert, og høner er relativt lite brukt. 

─ Hønekroki er originalt. Det er spanande fordi dei er i rørsle heile tida, men det er små rørsler at det er mogeleg å fange forma. Ein har heller ikkje så fastlåste skjema ein teiknar etter når det gjeld høner, seier Brænne.

Brænne legg også til at ho er spent på oppstartinga av Faglærarutdanning i formgiving, kunst og handverk til hausten, og håpar på mange søkarar.

Del på