Konferanse om ny barnehagelærarutdanning

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

"Frå førskulelærarar til barnehagelærar - Den nye barnehagelærarutdanninga - Muligheiter og utfordringar" er tittelen på rapport nr.1 frå følgjegruppa. Rapporten blei torsdag høgtidleg overlevert av Mimmi Bjerkestrand, leiar av Følgjegruppa, til Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Birgitte Jordahl. Denne rapporten er den første i det som skal vere årlege rapportar (2013-2017) frå følgjegruppa. 

Følgjegruppa har i sitt arbeid reist rundt til alle høgskulane og universiteta som tilbyr barnehagelærarutdanning. Her har dei lagt vekt på å få til opne og konstruktive dialogmøte mellom dei ulike aktørane. Følgjegruppa skal vere ein samarbeidspartner i prosessen med implimentering av den nye utdanninga, og eit av siktemål med rapporten er å gjere greie for og analysere utfordringar og muligheiter institusjonane har. Følgjegruppa kjem også i rapporten med tilrådingar, både til institusjonane og til departementet, om vegen vidare.  

130 påmelde til konferansen fekk høyre ein engasjert Mimmi Bjerkestrand legge fram sentrale punkt frå rapporten. Bjerkestrand la vekt på at rapporten er meint å være eit bidrag til vidare dialog og samhandling kring den nye barnehagelærarutdanninga. Sjå rapporten her: http://blu.hib.no/wp-content/uploads/2014/09/BLU-.pdf 

For følgjegruppa er det viktig å få tak i studentstemmene  i den nye barnehagelærarutdanninga. Studentane var viktige stemmer inn i møta på institusjonane, og i tillegg har kvart medlem av følgjegruppa "fagleg adoptert" ein student som dei skal ha kontakt med alle tre studieåra. Renate Røyset Lillebø er barnehagelærarstudent ved Høgskulen i Volda, og er ein av dei ti studentane som er "fagleg adoptert". Renate seier at denne konferansen har vore interessant og lærerik.

 180fcde6421ce1727b87c0a4a24fdb4eRenate Røyset Lillebø saman med sin fadder frå Følgjegruppa Birte Simonsen, dekan for Avdeling for lærerutdanning ved Universitetet i Agder.

Deltakarane på konferansen blei også utfordra til å ta del i prosessen vidare, blant anna med å delta på gruppevise drøftingar av sentrale tema i rapporten. Dei tok også del på faglege seksjonar der «Kunnskapsområda», «Praksisopplæringa», «Pedagogikkfaget» og «Dei nye barnehagelærarstudentane» var tema. Deltakarane fekk her også høve til  å dele erfaringar frå sine institusjonar med kvarandre, noko som blir opplevd som svært nyttig. Mimmi Bjerkestrand ga i si avslutning av konferansen uttrykk for at følgjegruppa ser fram til eit spanande arbeid vidare. I tillegg framheva ho at følgjegruppa har fått fornya inspirasjon i arbeidet etter denne samlinga. 

 88197f5b8bbe146e91c227837c547e37Leiar for følgjegruppa, Mimmi Bjerkestrand, takka for engasjementet i konferansen og oppfordrar til samhandling og dialog i det vidare arbeidet.

 77152d305e90a7f845ccb9223961dd33Førstelektor Bente Vatne, student Renate Lillebø Røyset, praksiskoordinator Hanne Elin Harnes, studieleiar Elisabeth Welle, prodekan og instituttleiar Anne Øie og dekan Arne Myklebust møtte frå Høgskulen i Volda. 

Tekst: Hanne Elin Harnes

Del på