Lærarar frå Ørsta tek vidareutdanning i rettleiing

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Kari Leikanger Buset, rådgjevar for seksjon skule mi Ørsta, fortel at frå skulekontoret sin ståstad har dette vore ei viktig satsing på kompetanseheving for lærarane i ørstaskulen.

– Både arbeidsgjevar og dei tilsette har lagt store ressursar  inn for å få gjennomføre studiet. Vi har no om lag 50% av lærarane med utdanning innan rettleiing. Dette gir kollektiv kompetanseheving til nytte for elevane si læring og ei styrking av studentane sitt møte med skulekvardagen. Gjennom godt samarbeid med Høgskulen, skal studentane oppleve å få praksisopplæring av beste sort, fortel Leikanger Buset.  

8ec29ff4f99a49429d47a02459c53bb8

Inneverande skuleår har 57 lærarar i Ørsta kommune teke vidareutdanninga i rettleiing på Høgskulen i Volda. Det har vore forelesingar både om ettermiddagar og om laurdagar. I midten av mai kjem eksamensoppgåva ut, så no går lærarane spennande studentdagar i møte.

Stort kompetanseløft

–Dette er eit stort kompetanseløft for Ørsta-skulen. Studiet i praksisrettleiing er ikkje berre naudsynt kompetanse for å kunne rettleie lærarstudentar i praksisskulane. Det gjev også kompetanse som kjem elevane til gode, og ein kompetanse som kjem det kollegiale samarbeidet til gode.

Ved Vartdal skule er det åtte lærarar som tek denne vidareutdanninga i år. I tillegg har skulen lærarar med denne formalkompetansen frå før.

– Innhaldet i studiet gjev også viktig kunnskap inn mot det store prosjektet Vurdering for læring, og denne kompetansen vil også vere viktig i ungdomstrinnsatsinga, seier rektor Roar Rønning.

Kollektiv kvalitet

Rektor Bjarne Harald Thunem på Velle skule vil takka Høgskulen i Volda for flott opplegg og gjennomføringa av studiet.  

– Eg er veldig imponert over alle 14 Velle-lærarane og meg sjølv, og sjølvsagt alle andre også, som ser ut til å fullføre denne vidareutdanninga. Det er så pass tøffe arbeidsveker elles, at mange fristunder har gått med til dette. Eg tykkjer det er mange vinnarar ved dette høvet. Høgskulen er vinnar. Det same er Ørsta kommune som arbeidsgjevar. Det går vel an å seie at god investering og tilrettelegging, har gjeve god gevinst, og sjølvsagt er alle skulane og deltakarar vinnarar. Så mykje kvalifisert kompetansebygging på så kort tid er ikkje kvardagskost.  

– Det beste med studiet er at det gav relevans både inn mot øvingslærarane sitt spesifikke virke, og har mykje å by på for alle som har samtale og samvirke med andre menneske som ein viktig del av jobben. Organisering og opplegg trur eg alle er svært godt nøgde med. Eg veit at alle studiegruppene har arbeidd seriøst og godt, dels på skulen og dels heime hjå folk. Det faktum at alt vellefolket framleis heng på, kan tolkast som ein kollektiv kvalitet i kulturen vår, meiner Thunem.

Felles forståing

I personalet til Ørsta ungdomsskule er det 16 lærarar og rektor som dette skuleåret tek mentorutdanning.

– Rettleiingsstudiet har vore eit veldig nyttig studium for oss. Vi er takksame for at kommunen satsar på dette og har gjeve alle høve til å delta. Det at så mange har vore med på felles samling gjev oss ein unik mogelegheit til å byggje vidare på dette og ha felles preferanseramme vidare både på skulen og i kommunen. På samlingane har vi hatt lærerike øvingar som vi har funne att i eigen praksis heile tida. Kombinasjonen med førelesningar og praktiske øvingar har gjort at studiet har hatt ein god progresjon. Det har vore lett å følgje med i det som er hovudtema for kvar samling. Høgskulen har hatt eit profesjonelt og godt tilrettelagt tilbod til oss. Dette er vi veldig godt nøgd med, uttalar rektor Marianne Solbjørg Ose ved Ørsta ungdomsskule.

Uvurderleg ressurs

Høgskulelektor Gerd Sylvi Steinnes har vore ansvarleg for studiet, og i fjor tok Volda kommune eit tilsvarande løft for sine lærarar.

– Frå Høgskulen si side er vi svært nøgde med samarbeidet med Ørsta kommune, referansegruppa og studentane. For praksisopplæringa ved Høgskulen i Volda er det ein uvurderleg ressurs at så mange lærarar no har fått formell kompetanse i rettleiing. At mange på kvar skule tek utdanning saman, vil også vere ein styrke for det pedagogiske miljøet på skulane. Slik vil dette kome både studentar, elevar og kollegaer til gode. Som faglærar og ansvarleg for studiet har det vore ei glede å følgje Ørsta-lærarane dette året. Dei har vore lærevillege, positive og engasjerte og gjennom dette bidrege til kvalitet i utdanninga. Eg er imponert over innsatsen dei har lagt ned i dette, med samlingar både på sein ettermiddag og i helgar. Det har også stor betydning at Ørsta kommune har lagt godt til rette for ei slik satsing, understrekar Gerd Sylvi Steinnes.  

Hjørdis Almelid Vikenes (tekst og foto)

Del på