Lærarutdanninga i Volda 150 år

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Lærarutdanning er sjølve grunnstammen i skule- og kunnskapstradisjonen i Volda, og går attende til 1700-talet, då den dansk-norske staten slo fast at alle konfirmantar skulle lære å lese. Det var prestane som var dei første lærarutdannarane. Dei valde ut ungdommar og gav dei opplæring, og det seier seg sjølv at kvaliteten på både den eine og den andre kunne variere. Omgangsskulelæraren dominerte, det var ikkje før langt ut på 1800-talet at skulehus vart vanleg i alle krinsar.

Formell lærarutdanning kom i gong for alvor i Noreg då stiftsseminara vart bygde på slutten av 1830-talet. Trass i dette var trongen for utdanna lærarar stor, og ei ordning med 1-årige lærarskular vart sett ut i livet på 1850-talet. Desse var gjerne kombinerte med høgare allmugeskular, og i 1861 opna ein slik i Volda: Voldens høiere Almueskole med annecteret Dannelsesanstalt for Skoleholdere.

Det er denne skuleetableringa som er utgangspunktet for feiringa i år, fordi skulen kom til å leggje grunnen for den stolte lærarutdanningstradisjonen i Volda. Sjølve «dannelsesanstalten» vart nedlagt i 1880, og etter eit interregnum på 15 år vart ein ny lærarskule skipa. Voldens Privatseminarium frå 1895 skulle få både lengre liv og større ry enn den gamle lærarskulen. Volda lærarskule, som vart det offisielle namnet etter kvart, var med sin særeigne pedagogiske og kulturelle profil ei av dei mest markante lærarutdanningane i Noreg i mange tiår.

2f6b3bb0f9e0353068e73141c73220b5196324a9

Litt av utstillinga i foajeen i Berte Kanutte-huset.

Lærarutdanningsjubileet skal feirast på fleire måtar. Ei utstilling er alt på plass i foajeen i Berte Kanutte-huset, ho gir eit riss over skulehistoria i Volda gjennom ord og bilete. Jubileet vert også eit viktig innslag under Forskingsdagane 2011, som startar med historisk skulevandring i Volda ved Eivind Indresøvde. Dei lange linjene og det store utsynet vil vere tema for foredraget til Oddbjørn Melle, medan Vegard Kvam vil gi oss eit djupdykk i tidlegare lærarskulerektor Erling Kristvik sine pedagogiske idear. Like viktig som det historiske perspektivet, er det å gi innsyn i alt det spennande forskings- og utviklingsarbeidet som føregår i dagens lærarutdanningar.  Vi får innblikk i studentutveksling mellom Noreg og Afrika gjennom Odd Ragnar Hunnes sitt foredrag, fagdidaktikk står på programmet ved ei gruppe frå matematikkmiljøet og forsking i førskulelærarutdanninga er hovudtema på eit større seminar der mange fagfolk deltek.

Seinare på hausten vert det fleire tilskipingar som markerer lærarutdanningsjubileet.


 

Del på